– Eg trur publikum kjem til å like det dei får sjå og høyre, seier Bjørn Ølander.

Eidsvåg ungdomslag sviktar aldri. I år etter år har laget heldt det gåande med skodespel og revyar. I 2005 feira laget 100-årsjubileum som folkeunderhaldarar. Prokollane viser at det første skodespelet som vart framført var «Ærvingen» av Ivar Aasen. Det skjedde i 1906.

I år er det «Charleys tante» av Brandon Thomas som står på plakaten. Det blir premiere fredag 17. februar og det skal framførast to forestillingar laurdag 18. februar. Som så mange gonger før er det Bjørn Ølander som er regissør. I år har også Erlend Stubø den rolla. Etter mange øvingskveldar – og helger har dei to god kontroll på det heile.

– Årets forestilling er ein klassikar som har gått som ein farsott over heile verda sidan 1892, fortel Ølander. Han seier forestillinga har vore spela på norsk i ulike variantar. Forestillinga vart tilverka og modernisert for Det Norske Teatret i 1994 med mellom andre Rolv Wesenlund og Harald Heide Steen i viktige roller.

– Vi har gjort ei lett tilpassing til lokale forhold utan at vi ønskjer henge ut nokon.

Eidsvåg ungdomslag sin versjon er lagt til rundt 1950 da det var heilt andre moralnormer enn i dag.

Forestillinga har tre akter, og tar om lag to timar. Det er lagt inn ein kort pause mellom aktene. Første og tredje akt går føre seg i Didrik Due sin praktvilla i Langsetalleen. Andre akt går føre seg ute i den store hagen.

I år er det ni aktørar på scena. pågangen frå folk som gjerne vil vere med er så stor at det ikkje vart plass til alle i år.

To skodespelarar debuterer på Bergtunscena. Det er ungdomane Tor Olav Øyen og Jonas Stensløs. Dei to spelar studentar i forestillinga. Dei andre på scana er: Mats Nerli, Linda Gjelsten Kleive, Andrine Nerland, Dagfinn Meisingset, Frank Stenløs, Linda Sæter og Anne Lise Gjelsten. I orkesteret: André Gussiås, Rune Skjørsæther, Kristin Stubø og Lars André Gussiås.