Karstein Mauset har i ei årrekkje pusla med å tonesette dikt av lokale lyrikarar - som Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krog Halse.

Dette har òg resultert i tre cd-utgjevingar - «Heimkome» i 2004, «Bastuba» i 2008 og «Flomål» i 2015.

Dei to siste er fulle cd-ar som har hausta gode kritikkar.

«Bastuba» vart blant anna sett under lupen i Norsk på norsk, og fekk terningkast 5, medan «Flomål» ser ut til å ha treft både folkesjela og kritikarane rett i hjartet.

- I tillegg til å bli spela på radio, er det vel særleg på Facebook eg opplever at folk set pris på «Flomål», seier Karstein Mauset.

No blir det altså høve til å oppleve ein kavalkade av det beste Perikom har å by på frå desse utgjevingane.

Med seg i bandet har Karstein fått Jo Ranheim - som har produsert cd-ane ved Øra studio og som også har vore gitarist og korist i Perikom heile vegen.

I tillegg møter vi Ola Langli på banjo, dobro, mandolin og gitar, Frank sPoon Botten på bass, Ronny Kjøsen på keyboard og Olav Nergård Tørset på trommer.

Karstein Mauset set pris på god lyrikk, og å få setje tonar til meiningsfulle tekster.

- Eg tykkjer det er ekstra stas å kunne bruke ei tekst av min gode barndomsven og nabo, Sivert Mauset, på «Flomål». Han har skrive teksten til «Mila er mange» - ei utruleg god og djup tekst, tykkjer han.

Elles blir dette første gongen Perikom blir å høyre med fullt band sidan 2008, noko Karstein Mauset håper folk vil vite å setje pris på, og at det kjem mykje folk både til Torshall og Storstuå neste helg.

I tillegg til musikken frå scena, blir det muleg å kjøpe plater både på cd og vinyl ute i gangen i Torshall og i foajeen på kulturhuset.

I tillegg vil det bli sal av kaffikrus og T-skjorter med Perikom-dekor

Karstein har henta bandnamnet frå diktet «Svarrabærje» av Hans Hyldbakk der «perikom og paring» blir nemnt. Perikom er drammen som er smaksett med knoppar av perikumplanta, eit produkt som nok ikkje blir i sal i samband med konsertane.

Det er førehandssal på konserten i Storstuå, medan du kan kjøpe billett ved inngangen i Torshall.