Det har vore tradisjon at bakaromnen på prestegarden blir fyrt opp ved høgtidelege høve. I mange år er det Helge Bugge som har vore fast fyrbøtar. Han har fyra med oreved som passar fint til slik bruk.

Det har opp gjennom åra vore fleire sjefsbakarar, men Lovise Eidsør er mellom dei som har henta flest brød og kringler ut av omnen. Dette har vore populære bakverk, spesielt på dei årlege familiedagane under Bjørnsonfestivalen.

I juni 2003 var kongeparet på besøk i Nesset. Lovise Eidsør hugsar dronninga kikka innom og helsa på damene som var i gang med å steike Bjørnonkringle og prestegardsbrød.

– Dronninga spurte sjøl om å få sjå inn i eldhuset der vi var i gang med å steike brød. Både ho og vi som var der sette pris på det. Eg veit at ho likte brødet som ho fekk smake på, fortel Eidsør.

Sjefsbakar Lovise var mellom dei mange som var til stades da Romsdalsmuseet måndag kveld inviterte til foredrag med Bjørn Austigard om nettopp brød, mattradisjonar og bakaromnar. Austigard trekkjer alltid mykje folk, og det var stuvande fullt i sauefjøsen da han tok dei frammøtte med på ei bakarhistorie som gjekk frå flatbrød til heva gjærbakst – i ulike bakaromnar.

– Eg er ingen bakar sjøl, men det har alltid interessert meg korleis folk har overlevd med mat og klede opp gjennom ulike tider, starta Austigard.

Han peika på at det er val av mjøl som er avgjerande for kva ein skal bake. Havre dominerte på 1800-talet. Folk baka flatbrød, det var meir haldbart enn anna bakverk.

Austigard viste til skrifter som Gerhard Schøning har etterlatt seg frå 1773. Kvardagsmaten bestod av fisk eller brødgraut til frukost, havregraut til middag, bygg- eller havresuppe med sild og flatbrød til nonsmat, medan kveldsmaten bestod av graut og mjølk. Ola Hola skreiv seinare om mattradisjonane rundt 1850. Når det vart tidlegare mørkt om kveldane gjekk folk tidlegare til sengs. Dermed kunne dei også kutte nonsmaten.

I 1860 åra starta båtane å kome inn fjordane. Dei hadde med nye varer. Etter 1875 kjøp

te folk ferdig mjøl. Bakaromnane var viktige. Dei vart plasserte i kjellarar, uthus eller på kjøkenet. Da vedkomfyrane vart vanlege rundt 1900 fekk folk andre mulegheiter til å steike brød. Etter andre verdskrig endra både folks matvanar og mulegheitene til å steike brød seg.

Bjørn Ølander tok dei frammøtte med opp i eldhuset der bakaromnen snart er ferdig restaurert. Museumsmannen gler seg stort på å fyre i omen igjen.

– Vi har hatt ein ekspert frå Færøyane til å mure opp igjen omnen. Det har han gjort på gammalmåten med å bruke leire og sand. Vi fekk fyringsforbod på den gamle, mellom anna på grunn av at den sto for nære veggen. Nå har vi flytta litt på den. Det var eigentleg meininga omnen skulle stå ferdig i fjor haust, men på grunn av mykje dårleg ver måtte vi vente med å ta hol i taket. No skal det murast med brent kalk som toler vatn. Når Nesset Musikkfest har arrangement her helga 22.–25. juni reknar vi med å kunne servere nysteikte brød igjen, seier Ølander.

Sigmund Tjelle