Henning Sommerro har fått med seg god hjelp frå Kulturskolen på Indre Nordmøre til å løfte diktar og komponist Ingeborg Glærum Solem fram i lyset i samband med Vårsøghelga.

Gunn Astrid Hove og Emilie Brøske Rønning har vorte headhunta, for å seie det på nynorsk, til å framføre nokre av hennar vers som Henning har sett tone til, og måndag ettermiddag hadde dei si første øving saman i lokala til kulturskolen på Surnadal kulturhus.

Vi tør vel røpe at Hennings tonar ber preg av folkemusikk - litt årdertonar er det over musikken. Men Gunn Astrid og Emilie beherskar alt Henning slenger fram på tangentane.

Det er nok mange som ville ha blitt vippa av pinnen av at pianisten plutseleg tek opp i ein annan toneart, men desse jentene er såpass musikalske at dei tek det på strak arm.

Fram mot neste møte med Henning, vil songlærar Elisabeth Gjørsvik øve med jentene til stoffet sit som spikra.

Ingeborg Glærum Solem var for øvrig tanta til Dordi Skuggevik, som er i godt gjenge med å gje ut tekster av henne i bokform - og med eit forfattarportrett ført i pennen av Dordi sjølv.

Ho har òg levert frå seg 30 notar til Henning for utskriving til vere med i boka. Etter plana blir det bokslepp i november.

"Tante Borg" som Dordi kalla henne, kjem nok til å gjere seg gjeldande på fleire arenaer undervegs i helga.