Dansemiljøet på indre Nordmøre blomstrar som aldri før, og i helga var det nesten så det overdøyva vårsøget utandørs, da rundt 160 dansande kulturskuleelevar frå Surnadal, Halsa og Rindal inviterte til to oppsettingar av forestillinga «Fargeriket»! Etter teppefall søndag, dukka ordførar i Surnadal, Lilly-Gunn Nyheim, opp for å overraske ei av dansarane, Ranje Hoem (17), med Drømmetstipendet!

Med så mange små og store dansarar i alderen 3 til 18 år på scena, møter familie og vener sjølvsagt mannsterke opp for å sjå sine håpefulle i aksjon. Men «Fargeriket» er verkeleg ei oppsetting som ein ikkje treng å vere pårørande for å la seg dra med i og imponere av. I tillegg til å vere den massemønstringa av dans som den er, har lærarane og koreografane ved Kulturskolen på indre Nordmøre, Stine Valde Stine og Anne Stine Berglund Sæther, greidd det kunststykket det er å sy dei mange ulike dansepartia saman til ei heilaftens forestilling i to akter, der vi følgjer hoffnarren, i Gunn Mari Våbenø si skikkelse, på si ferd gjennom fargeriket, på jakt etter fargane som dei mista da kongen døydde.

Denne jakta går frå dans til dans, ja gjennom heile 22 danseparti, der hoffnarren støyter på søte men skumle rotter, zoombier, detektivar, hekser, sjølvsagt primadonnaer og mange andre, før ho har samla alle fargane og heile fargeriket jublar. Til og med den skumle dronninga, dansa av Kristin Bøklep, blir blid igjen!

Fargeriket er akkurat slik som ei danseoppvisning for kulturskuleelevar skal vere. Her er det alt frå dei minste som er ferdig med første året sitt på dans og både sjarmerer og blir litt overvelda av ei fullsett storstue, til dei eldre elevane som verkeleg viser eit ferdigheitsnivå som er imponerande. Elevane meistrar eit mangfald av sjangrar, inkl. klassisk ballett, jazz og andre moderne danseformer. Ingen nemnt og ingen glømt, men det var alt frå tøft, vakkert og ikkje minst utruleg sjarmerande!

At kulturskulen har eit samarbeid med Operaen i Kristiansund på dansesida, ser ein ikkje minst på kostymesida, og teknikken hjalp òg til med å skape flyt og løfte framsyninga, og for alle som òg har opplevd det motsette på slike massemønstringar, så var det med på å gjere opplevinga enda meir positiv. Gratulerer til alle medverkande og kulturskulen!

Som ein ekstra spiss på søndagsforestillinga, overraska surnadalsordførar Lilly-Gunn Nyheim og kulturleiar Lilly Husby ensemblet og spesielt ei av dei eldste dansarane, Ranje Hoem (17) med å overrekke henne Drømmestipendet. Stipendet er eit samarbeid mellom Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping, og kvart år blir det på landsbasis utdelt 100 slike stipend, som er ei pengegåve som mottakarane kan bruke på å følgje kunstdrømmen sin. Ranje, som har dansa i kulturskulen sidan ho var like lita som dei minste medelevane sine på scena, er blant dei mest aktive danseelevane i kulturskulen, og var tydeleg rørt og takknemleg for stipendet.