Kleivakvelden har brukt å vere sånn nokonlunde, vermessig, men sjeldan har det vore så fint som på årets Kleivakveld med over 20 grader og sol. Og Hans Hyldbakk plar få æra når det er godver.

I år var Kulturskolen på indre Nordmøre godt representert i eit opningsnummer med dansarar. Litt let dei seg nok affisere av skrått terreng og litt glatt, men det er høgt nivå på dansarane i Surnadal om dagen, så slike små utfordringar tek dei på strak arm.

Henning presenterte også eit par dikt av Ingeborg Glærum Solem som han har tonesett - og fått med seg songarar frå Kulturskolen på.

Gunn Astrid Hove og Emilie Brøske Rønning tek også det som måtte kome av utfordringar på strak arm. Og litt annleis enn det som var innøvd vart det, då lyden på keyboardet til Henning plutseleg kutta. Så fekk lydmannen ein song av Henning medan han sprang og leita etter feil. Så vart to av songane framført til akkompagnement av trekkspel før Frank sPoon Botten fekk sprunge start på keyboardet att.

Så fekk dei framføre den siste songen også - den dei trudde dei måtte sløyfe.

Det er alltid høg kvalitet på det som går føre seg på Kleiva, og å få oppleve Kjartan Fløgstad lese sine eigne dikt er ikkje alle forunt.

Og så fekk vi årets eksotiske innslag med iranske Marjan Vahdat som framførte to songar - og som har cd-ar til sals. Ho kom med ny plate - Serene Hope - no i vår. På ein av songane hadde ho med seg ei spesiell tromme, og fekk også med seg Oddbjørn Sponås på djembe i tillegg. Godt samspel der for oss som er over gjennomsnittet interessert i rytmer.

Ole Paus stod for det celebre innslaget - og i kjend stil med både vare tonar og tekster og med skarpe, bitande ironiske tekster. Paus meiner sjølv desse typene av tekster høyrer vel heime i det same landskapet.

Folk set pris på å få høyre visene som har blitt allemannseige slik som "Mitt lille land", "Det begynner å ligne en bønn".

Etter eit medley av fleire slike kjende viser, tenkte Paus å avslutte sin sekvens - men den gong ei. Publikum ville ha meir og gav ståande, taktfast applaus. Så fekk vi eit par ekstranummer då - I en sofa fra IKEA, og den norske versjonen av O helga natt. - Noen vil kanskje synes at denne ikke passer helt, men jeg synes den passer alltid og hvor som helst jeg, sa Paus. Så vart det julesong på Kleiva i det året 2017.

Kleiva hadde sjølvsagt sine faste innslag med populær Kleivapris til Einar Sødergren og framføring av nye Vårsøgdikt av unge lyrikarar. Svein Sæter bidro med tolking for dei som ikkje tok sjansen på å lese sjølv, men vi fekk også høyre fleire dikt der diktarane sjølv las.

John Pål Inderberg har vorte så fast interiør på Kleiva at ein mest gløymer at det står ein fantastisk musikar der og berre lirar av seg liflige tonar på bestilling. Men når han tolkar dikt, legg vi merke til at - jau, han er med i år også - sjølv med influensa og høg feber.

Han påstod at dikta i år var skrivne av ordførar Lilly Gunn Nyheim med litt fagleg hjelp av Kjartan Fløgstad. Og her var både vegstandard på fylkesvegen, ferjefri kryssing av Todalsfjorden og kommunesamanslåing i Halsa tema for dikta.

Og som vanleg vart Kleivakvelden avslutta med Vårsøg der Henning legg ned tonearten slik at det passar for kvinnestemmer og alle kan vere med på allsong.