Det har vore tala om at det kunne ha vore på sin plass å få samla stoff om setrene og seterdrifta på Ålvundeid og i Ålvundfjord opp gjennom tidene mellom to permar. I det høvet er det allerede oppretta ei gruppe på Facebook med namnet «Setring og kulturlandskap for Ålvundeid og Ålvundfjord». Her vil interesserte kunne halde seg oppdatert på framdrifta i arbeidet og gjerne komme med innspel.

– Vi er fullstendig klar over at dette er eit storarbeid som vil krevje innsats over tid, men samtidig har vi svært lyst til å få kartlagt kva som må til for å få gjennomført eit slikt arbeid, seier Steinar Wirum til Driva.

Ope møte

Måndag 19. juni blir interesserte invitert til eit ope møte i Ålvundeid grendahus med dette som tema. Her vil og Lars Steinar Ansnes og Tor Helge Gravem dele noko av sin kunnskap på området med dei frammøtte.

På dette møtet ser ein for seg å få på plass ei meir formell oppnemning av ei setergruppe, som mellom anna vil få i mandat å planlegge og organisere i tillegg til å kostnadsberegne kva eit slikt arbeid vil komme på. Dei som har arbeidd med denne saka fram til no er Steinar Wirum, Nils Ulvund, Jarle Stavik, Reidun Bjorland Rødset og Helge Virum.

Vidare er det viktig så snart som råd å komme i kontakt med folk som kan delta i setervandringar med meir. Eit opplegg for registrering må drøftast – og i tillegg må ein finne nokon som etter kvart skal systematisere det innsamla materialet og føre boka i pennen.

Det ein ser for seg at eit slikt prosjekt skal innehalde er først og fremst setrer og tufter etter setrer. I tillegg kjem høyløer, slåttateigar, sommarfjøs, beiteområder, gjerne og stigar og vegar knytt til utmarksnæringa i tillegg til utgardar.

Som aktuelle datakjelder ser ein for seg Seljedal sine bygdebøker og andre historiske skrifter, seterbøker, intervju med setereigarar, etterkomarar og andre fjellfolk, matrikkelbrev frå grunnboka, stadnamnkart og ikkje minst foto i privat eige, alternativt i fylkesfotoarkivet og eventuelt frå andre stadar.

Må organiserast

Eksempel på gangen i gjennomføringa av dette prosjektet kan vera at ein etter oppstart- og orienteringsmøtet definerer dei forskjellige oppgåvene. Deretter står organisering og fordeling av oppgåver til folk som vil delta for tur. Det bør og settast opp ei tidsplan og utarbeidast kostnadsbudsjett med forslag til finansiering. Deretter innsamling av skriftleg materiale, innsamling av foto samt intervju med setereigarar og andre. Befaring i terrenget, fotografering, GPS-registrering og måltaking er og viktige oppgåver.

Sjølve skrivinga er ein stor jobb som kan gjerast av ein god skribent – alternativt kan dette arbeidet fordelast på fleire. Kontakt med ei grafisk bedrift – helst lokal – bør etablerast på eit tidleg tidspunkt. Her kjenner ein til at bokstyret i Ålvundeid bygdalag, som for få år sidan ga ut Ålvundeid-boka, har svært god erfaring med Mediahuset på Sunndalsøra.

Sist – men ikkje mint – kjem sal og distribusjon av boka. Her ser ein for seg at bygdelaget kan vera ein god samarbeidspartner.

Som ein ser er det mange ting å ta tak i – og derfor er det viktig at vi får avvikla dette møtet no, seier Wirum, samtidig som han håpar på godt oppmøte.