Av og til skal det ikkje så mykje til å bli «hannjåhaft», og tiandeklassingane har teke for seg alt frå små og trivielle kvardagsproblem til større og meir alvorlege ting som ungdommar kan måtte stri med.

– Vi har gjeve elevane i oppdrag å skrive om situasjonar dei kunne kome ut for, og dei val dei vil måtte ta, fortel lærar Marianne Løset.

Stykket gjev knapt noko løysing på problema, men kanskje kan dei bli førebudd på ting som kan skje seinare i livet.

Så er det del av oppgåva å knyte i hop tekstane i sketsjar som også kan gå over i song og dans som kan brukast til å illustrere problema.

Det vil naturleg variere frå kull til kull kor mange talent dei kan skilte med både på musikk, dans og skodespel.

I fjor berga dei seg godt med ei som kunne spele piano, samt litt playback – og leverte eit produkt av høg kvalitet fullt på høgde med det som har vore tidlegare år.

Det har nemleg vorte tradisjon for å levere framsyningar eigna til å imponere og gje publikum skikkeleg bakoversveis.

I år har vi da også ein klasse som kan stille med fullt band og med songarar som kan følgje opp, og Surnadal har vorte godt forsynt med unge dansarar dei seinare åra.

Og ikkje nok med at dei dansar – dei lagar også koreografien sjølv.

– Vi har ei utfordring med at vi har mange på scena i mange av nummera, noko som medfører at ein del av aktørane får veldig kort tid på seg mellom nummera og raske skift. Vi har likevel vald å gjere det slik, så får dei berre leve med det stresset. Det kan vere lærerikt det òg, meiner Løset.

Songane er ikkje sjølvlaga, men dei har teke jobben med å finne songar som passar til dei ulike samanhengane dei har laga sketsjar til.

Gjennom det meste av denne veka og gjennom helga skal elevane finpusse det dei har øvd inn på skulen for alle ledd i ei slik framsyning.

Vi får skuleframsyning tysdag 26. september og premiere for foreldre, besteforeldre og andre interesserte tysdag kveld. Så får vi i tillegg ei framsyning onsdag 27. september.