Dette 10.-trinnet har alt – både skodespelarar, songsolistar, musikarar, dansarar, scenemannskap – alt ein treng for å lage ei heidundrande framsyning.

Sjølvsagt gjer det godt med god instruksjon frå lærarane på trinnet – god instruksjon er alfa og omega for å lage ei god framsyning uansett kor mange talent ein har å rutte med.

Uansett, det er imponerande kva Surnadal ungdomsskule får til frå år til år.

Det er også imponerande av ein tiandeklasse å klare å stille musikarar til fullt revyband – og her er det trøkk til tusen.

Med eit solid og stødig band i ryggen, blir også songarane sjølvsikre, og her er det fleire som evnar å synge solo til å få bakoversveis av.

Dei siste åra har fått fram mange dyktige dansarar, noko ei slik framsyning også gjer seg godt av. Og ikkje minst har elevane sjølv teke jobben med å koreografere og instruere dansenummera.

Framsyning har altså fått namnet «Hannjåhaft» og for dei som er gamle nok til å skjønne kva ordet betyr, er det greitt å sjå at ein kan bli «hannjåhaft» både over små og trivielle kvardagsproblem til store og eksistensielle utfordringar.

Nokre kan skape store frustrasjonar for seg sjølv med ikkje å finne ut kva dei skal ha på seg når dei skal på skulen, medan andre opplever samlivsbrot og opplever at ungane blir pålagt ansvar for at det gjekk som det gjekk.

Elevane framfører alt dette med bravur, med humor og med djupt alvor – og vi kan ikkje unngå å bli berørt.

Og så får vi nokre framifrå karikaturar på lærarane i klassen – men gjort på ein slik måte at dei må nok berre le av seg sjølv.

Vi var på skuleframsyninga på tysdag, og fekk med oss at mange av elevane i salen kjende att lærarar frå ungdomsskulen.

Vi treng ikkje trekkje fram enkeltelevar i denne samanhengen – berre konstatere at dei alle går i ein klasse som det bur utruleg mykje i og som viser eit 10.- prosjekt som det luktar svidd av.

Dette er noko alle som er interessert i scenekunst berre må få med seg.