Styret i heimbygdlaget grunngir tildelinga mellom anna med Lediards faste fredagsspalte i Driva der bildeteksten alltid er på nynorsk.

Lediard var spurt om å fortelje og vise bilde for dei frammøtte til torsdagens kultursjå. Han fortalde om bakgrunnen sin frå England og vegen fram til å bli ein svært anerkjent fotograf. Dei frammøtte fekk sjå over 200 bilde, mange av dei har vore presentert gjennom fotografens spalte i Driva. Han var heilt ukjent med tildelinga av måldiplomen da leiar Trygve Roaldset i heimbygdlaget tok ordet. Han fortalde at heimbygdlaget deler ut måldiplomet berre når dei har verdige kandidatar. Han las opp juryens grunngjeving:

«Surnadal Heimbygdlag har vedtatt å dele ut måldiplom for 2017. Målprisen blir delt ut med litt ujamne mellomrom til kandidatar som vi gjerne vil vere med og synleggjere og heidre. Prisvinnaren i 2017 er kjent som ein uvanleg dyktig fotograf. Men Heimbygdlaget har også festa seg ved at han er ein reflektert språkbrukar. Som engelsk tilflyttar til Surnadal har han forstått at det lokale talespråket ligg nært opp til nynorsk, og at nynorsk er det naturlege skriftspråket også i marknadsføring og presentasjon av portrett og bilde elles, mellom anna i hans faste spalte i avisa «Driva.»

Det er svært viktig at språket er synleg, og at det viser seg som eit godt bruksmål på alle område av samfunnslivet. Heimbygdlaget vil med dette takke prisvinnaren for den viktige innsatsen han gjer, og vonar at fleire etter kvart vil vere med og sørgje for at det målet folk talar på Indre Nordmøre, i enda større grad blir spegla av mellom anna i avisspalter og forretningsspråk.

Prisvinnar 2017 er fotograf Nathan W. Lediard.»

Fotografen sjøl var så overraska at han nesten vart mållaus. Det er ifølgje han sjøl svært sjeldan det skjer.