Todagarsmarknaden på prestegarden har vorte eit svært så populært innslag i førjulstida i Nesset. I år hadde arrangørane ordna seg med utstyr som heldt kontroll på kor mange som besøkte marknaden. Bjørn Ølander fortel at det var 650 besøkande på laurdag. Søndag vart ikkje dei besøkande telte, men han anslår søndagens besøk til rundt 400.

– Det er vi veldig godt fornøgd med. Det vart litt trongt om plassen på laurdag, men det skal vere litt kaos på ein skikkeleg julemarknad. Ein må trivest med å ha det travelt om ein skal halde på med dette, seier Ølander som representerer Romsdalsmuseet.

Medarrangør Turid L. Øverås frå kommunen nikkar og er einig:

– Det er veldig høg kvalitet på arbeida som er utstilt her. Det flotte med julemesser og julemarknader som dette, er at alle som sit heime og produserer handverk får ei moglegheit til å selje produkta sine.

Planlegg neste år

Ølander og Øverås siktar seg inn på ny marknad helga 17. og 18. november neste år. Dei trur ikkje det er rom for å ta inn fleire utstillarar enn i år.

–Når pågangen er så stor av dei som vil stille ut, kan det vere at vi i alle fall vil krevje at utstillarane har tilknyting til kommunen.

Etter å ha snakka med utstillarane søndag ettermiddag, konkluderer Ølander med at totalomsetnaden på julemarknaden er på bortimot 250.000 kroner.

– Det syner den store verdiskapinga som ligg i kunst og handverk.

Dei to meiner det er heilt uaktuelt å flytte arrangementet til Nessethallen for å få større plass.

– Det får eventuelt bli ei anna messe. Vil kjem til å halde fram med julemarknaden her på prestegarden. Betre eigna lokale finn ein knapt, seier Ølander og Øverås.

I tillegg til kommunen og Romsdalsmuseet, er også Nesset bygdekvinnelag, Aktivitetstenesten og Eira Husflid med som arrangør.

Fornøgd med salet

Dei godt over tretti utstillarane var også godt fornøgd med salet. Palma Kaldvansvik har vore med på marknaden sidan oppstarten i 2014. Ho har aldri før selt så godt som i helga.

_ Eg selte godt også i fjor, men i helga har det vore spesielt bra med sal av over 40 løparar, seier den ivrige verversken.

Også andre Driva snakka med var godt fornøgd med salet.

Julemarknader og julemesser er viktige treffstader i eit stadig meir digitalisert samfunn. Praten gjekk lett mellom folk som treftest på helgas marknad. Dei fekk også anna kulturelt påfyll. Både Nesset menighets barnekor og Nesset skolekorps besøkte messa med velklingande toner.