Bøfjorden Historielag er på banen med nok ei utgåve av Gamle Nordmør. Historikk rundt «Impregneringa» i Bøfjorden har fått omfattande omtale i årets utgåve.

Med eit par unntak er det Bernt Bøe som har skreve alle artiklar i 2017-utgåva av Gamle Nordmør. Nordmøre Impregnering, eller «Impregneringa» var i ein god mannsalder ein viktig kvardagsfaktor i Bøfjorden. Bøe viser i sin omtale av impregneringsverket at planane om eit kreosot impregneringsverk på Nordmøre kom med full tyngde etter krigen. Etableringa vart vedteke av Nordmøre Skogeigarlag. Det var fleire alternativ for plassering, men det var Bøfjorden som til slutt fekk impregneringsverket. I artikkelen får lesarane eit godt innblikk i korleis impregneringa gjekk føre seg.

Siste halvdel av 1970-talet var det ein del uro rundt planane for flytting av verksemda på Settemsørane. Generalforsamlinga i MøreTre vedetok våren 1980 at elementproduksjonen skulle flyttast til Surnadal, men at impregnering og siloproduksjon framleis skulle skje på Settemsørane. Så fekk området ei uventa skjebne. Det viste seg at grunnen på delar av MøreTtre-tomta var så forureina av miljøgifter at området måtte sperrast av – og ei stor og kostbar opprydding måtte settast i gang.

Lyspunktet – skriv Bøe – er at på den nyare delen av tomt er Bøfjorden Sag i dag etablert.

I eit raskt blikk vidare bakover i bladet finn ein kort om Hjelmen-dress og Settemsdal AS, om Amerikabrevet som Jakob Larsson Skrøvseth skreiv rundt 1905. Kyrkjebyggaren frå Skeistrøa, Husa i gamle Settemsdalen, Motstandskamp i det stille, Lærarstemne med høg kulturfaktor, Sild, Ola soldat, I storm på Breifjorden (Egil Snekvik), Han slapp ut frå Auschwits, Herr Anders, Profilen Olav Megård (Lars Indreiten), Det Gamle Album og Om Bøfjorden Historielag er titlane på dei andre sakene i bladet.

Nei da, vi har ikkje gløymd portrettet av «Han Johs». Bernt Bøe har summert opp karrieren til idrettsmannen Johs Vaag som har litt av eit idrettsliv å sjå tilbake på.

Gamle Nordmøre vil glede mange også med årets utgåve!