Det var nemleg premieredag for årsskrift nr 16, og Todalen historielag kunne med stoltheit presentere 84 sider med god og variert lokalhistorie mellom dei to permane.

I Todalen er det knytt stor interesse til arbeidet med lokalhistoria, og historielaget har da også rundt 200 medlemar, og det seier sitt.

I medlemskapet er det inkludert eit årsskrifthefte, og mange kom nok for å hente sitt heftet sitt denne dagen. Dordi Jorunn Halle har vore sjefredaktør for årets skrift, og med seg i redaksjonskomiteen har ho hatt Wenche Ø. Kvendset, Maren Ansnes og Sven Olav Svinvik. Dordi orienterte om korleis dei hadde jobba med materialet for å kvalitetssikre og presentere dette på ein best muleg måte.

I årets hefte er det mykje variert stoff, som spenner frå meieridrift på Nordvik i gamle dagar, via norske folkeeventyr på todalsmål og til historia om utvandraren Erling Bruseth og oversikt over alle bumerka i Todalen. Ei interessant historie er det også om Lovise og Bernt Jørgens og deira liv og virke - og korleis dei etter kvart hamna i Todalen. Vidare er det omtale om kulturvandring på Kvennset, kvernhusa i Todalen, gammalgodmora - Gunnhild Øyen og ikkje minst omtale om alle hoppbakkane som fantes i Todalen i gamal tid.

På boksleppet var det også ein sekvens med Ola Bræin som hadde skrive ein artikkel om Anne Ørsal og songane hennar. Ola fortalte at han nærast reknar seg som todaling, etter at han gikk eit år på skule her i krigsåra, da han og familien var evakuert hit frå Kristiansund. Ola Bræin hadde forøvrig med seg munnspelet, og spela 3 slåttar åt oss - mellom anna «Juleverset».

Til slutt var det visning av lysbilde frå historielagets arkiv. Ingrid Bruset og Ragnhild A. Moe har gjennom fleire sesongar vore aktive med skannaren og har skanna bilde med historisk verdi frå folks album, som altså vart til ein bildeserie. Gamle bilde er det forøvrig stor interesse for og dei to har nok langt i frå gjort seg ferdig med alle albuma.