#ViÅ - Tradisjonsrik julerevy

I Todalen er førebuingane til årets julerevy i full gang.

Revyøvinga i gang: Revygjengen i Todalen idrettsalg er i rute med julerevyen i Todalen ungdomshus 3. juledag. Vi har mykje godt stoff – både med kjelder både innafor og utafor tunellen seier Lars Sæther, Nils Ove Bruset, Stig Husby og Håvard Halset. Fframfor sit revysjefen Anders Gjeldnes og sonen Ådne.Foto: Jon Olav Ørsal

Kultur

- Det er lenge sia vi starta skriveprosessen, og no er vi i gang med sceneøvingane, og årets julerevy i Todalen får namnet #ViÅ, fortel revysjef Anders Gjeldnes.

Vi har måtta jobba litt for å få med nok aktørar på scena, men det har etter kvart løyst seg, og her vil du få sjå både kortreiste og langvegsfarande aktørar. Det har vore spesielt vanskeleg å få med kvinnfolk, og det gjer da også at ungkarane slepp lett til, medan ungtausene får «på pukkelen».

Gjennom revyen blir det mange aktuelle tema – politikk både lokalt innafor Kammen og globalt utanfor Kammen. Naturleg vis blir sjukeheim, trollheimstunellen, kommunereforma og prestemangelen tema – i tillegg til mykje anna, – mellom anna blir det utdeling av hedersprisen «Den Gyldne patron».

Men revyen bli nok mykje i tradisjonell stil – når ting er bra skal du ikkje tukle for mykje med dem. Servering av varmrett blir det, og sjølvsagt open bar etterpå. Musikk blir det også, for har vi leid inn «Verdiløse menn» for å få ned prisen, gliser Gjeldnes.

Da Driva stakk innom var det 5 personar på øving i ungdomshuset. Sjølvsagt var veteranane Lars Sæther, Håvard Halset og Nils Ove Bruset på plass, men også nykommaren Stig Husby. Vi tilet oss å kalle han nykommar for det er 25 år sidan han var med på revy sist.

Og no er billettsalet i gang – det er berre å stikke innom Matkroken Todalen så får du ordna det, seier Anders Gjeldnes som til slutt fortel at revyen skal køyrast i 2 førestillingar 3. juledag.