Trivst som skrotnisse på Bugge:

Jon Birger likar å reparere det andre vil kaste

– Eg trivst godt når eg får halde på med gamle ting, seier Jon Birger Bugge (70).

Lamper: Jon Birger Bugge har samla mange lamper som han pussar opp. Dei har foreløpig fått plass i «lampeavdelinga» på gardsmuseet.Foto: Sigmund Tjelle

Nisse: Nissen og juletreet er på plass i verkstaden til Jon Birger Bugge.Foto: Sigmund Tjelle

Rekved: Anne Marie Hole lager figurar av rekved på «lukka avdeling.»Foto: Sigmund Tjelle

Slede: Denne flotte sleden har Jon Birger bygd opp frå grunnen av.Foto: Sigmund Tjelle

Verksted: Her er det mykje utstyr å hjelpe seg med.Foto: Sigmund Tjelle

«Lukka avdeling»: – Vi kallar det ekstra rommet som er innreia i verkstaden for lukka avdeling, smiler Jon Birger Bugge og Anne Marie Hole. Hole og veninna Ellen Jorid Mo brukar rommet til kunstneriske aktivitetar, og spanderer gjerne ei kopp kaffi på husbonden sjøl når han kjem innom.Foto: Sigmund Tjelle

Kultur

Kyrne er for lengst sendt på slakteriet og fjøset er omgjort til snekkarverkstad. Jon Birger Bugge (70) på Bugge er ivrig samlar, og han er glad han har godt med plass i dei mange bygningane på garden.

Den tidlegare gardbrukaren dreiv med mjølkeproduksjon og seinare fôringsoksar fram til for fem seks år sidan. Da dei firbeinte forsvann, bestemte han seg for å innreie snekkarverkstad i fjøset. Der har han eige rom til å stille ut noko av det han har samla opp gjennom åra. Det er mange loppemarknader både her i landet og i Sverige som har hatt besøk av Jon Birger. På heimveg er det oftast trangt om plass i bilen. Noko beheld han sjøl, andre ting blir selt når det kjem interesserte kjøparar innom.

– Eg likar å halde på med gamle ting. Noko av det første eg gjer om morgonane er å gå ut i fjøset og finne noko å halde på med. Det er flust opp å gjere. Eg kan reparere ei gammal lampe, eller eg kan snekkere litt.

I haust har Jon Birger bygd ein heilt ny slede etter mal frå ein slede som kjem frå Gudbrandsdalen.

– Det var eigentleg ein ruskhaug. Det er stort sett jarna eg har bruka opp att. Eg laga ein slede også i fjor. Av og til kjem det folk innom som spør om eg kan reparere ting for dei. Da blir det også tid til ein prat. Det likar eg, seier mannen som slett ikkje har noko imot å bli kalla skrotnisse.

Han fortel at snekkarferdigheitene har han lært seg sjøl. Opplæring har det vore dårleg med.

– Eg er spesielt oppteken av å ta vare på ting som høyrer garden til. Tanta mi dreiv butikk her i tidlegare tider. Det er mykje å ta vare på. I dei tidlegare butikklokala har eg sjokolademus frå 1952, smiler Jon Birger Bugge.

Faren døde medan Jon Birger enno var ung. Han dreiv rivefabrikk og laga også ski. Jon Birger har planar om å lage eit lite museum der utstyret som var i bruk blir montert opp igjen.

– Eg får sjå kva eg vinn over. Kan klare mykje før eg blir hundre!

Jon Birger reiser og rundt på auksjonar. For ei tid sidan kjøpte han ein gammal sofa på ein auksjon som Geir Haltvik held.

– Eg fekk nyss i at sofaen ein gong har tilhøyrd ein fjern slektning. Den har eg fiksa og trekt opp att. Eg tenker at kvar gamle ting har si eiga historie.

For ei tid sidan bestemte han seg for å innreie eit eige rom i fjøset til to damer som er glade for å få halde på med ting som interesserer dei. Anne Marie Hole lagar ulike figurar i rekved. Ellen Jorid Mo syslar med å male bilde. Dei er begge takknemlege for å ha eit godt oppvarma lokale til dette.

– Jon Birger køyrde til Gudbrandsdalen for å kjøpe materialar til rommet som vi kallar for lukka avdeling, smiler Anne Marie. Ho og Ellen Jorid held husverten med kaffe og litt å bite i når han kjem innom.

– Eg likar å prate med folk. Det sosiale er viktig, understrekar han.

Jon Birger Bugge har ting å halde på med også utanom snekkarverkstaden. I haust gjekk han til innkjøp av ein MG britiskprodusert sportsbil som er pakka inn for vinteren.

– Ein flott engelskmann som eg kjøpte i Hov i Land. Fekk prøve den nokre turar i haust. Var både til Sunndal, Eikesdal og Vistdal. Eg gler meg til sommaren igjen. Det er flott å vere pensjonist, smiler Jon Birger Bugge.