Surnadalspublikummet let seg sjarmere av både små og store strykarar då TrondheimSolistene, tradisjonen tru, inviterte til nyttårskonsert fredag.

Allereie under åpninga fekk nemleg 20 unge fiolinistar frå Sunndal kulturskole og Kulturskolen på Indre Nordmøre stå på scena saman med sine langt meir rutinerte kollegar. Deretter var eit anna ungt fionalintalent, Christina Øye frå Sunndal, solist saman med TrondheimSolistene.

Det har etter kvart vorte tradisjon for ensemblet å ha med seg talentfulle ungdommar på scena, og innslaget vart svært godt motteke i Storstuå, som denne fredagskvelden var heilt stappfull.

TrondheimSolistene-fiolinist Anders Larsen fortel at det er stor stas å spele saman med ungdommane.

– Det er veldig kjekt for oss å stå på scena saman med ivrige, talentfulle barn og unge. Vi prøvar å inkludere dei i konsertane våre, så på Hitra i går hadde vi med oss ei dansegruppe og i dag har vi med oss strykarar.

Larsen, som og har med seg storebror Steinar som dagleg leiar for TrondheimSolistene, innrømmer at det er ekstra spesielt å spele på heimebane i Surnadal:

– Å komme heim og spele i Surnadal er alltid spesielt, og noko eg ser fram til. I tillegg er det utruleg artig å sjå at det gror så godt i lokalområdet her, seier fiolinisten.

TrondheimSolistene, som i år hadde med seg Polkabjørn og Kleine Heine som gjesteartistar, fekk respons frå publikum frå første tone. Kunstnarisk leiar Geir Inge Lotsberg styrte showet med stødig hand, og med folkemusikk frå Transylvania og stoff frå komponistar som Georg Philipp Telemann og Alban Berg, viste TrondheimSolistene seg nok ein gong som eit ensemble av ekstremt høg klasse.

For dette var rett og slett ein konsert som heldt skyhøgt nivå. Ensemblet varta opp med uregelmessige taktartar og hurtige 7-taktssatsar som om det var barnelærdom, og ein timing og variasjon i intensitet som fekk publikum til å juble.

Polkabjørn og Kleine Heine var på førehand annonsert som konserten sitt humoristiske alibi, og sjølv om dei verkeleg innfridde også på det området, viste duoen og musikalsk mangfald og kvalitet som begeistra publikum i kulturhus.

Dei to var innom både Jim Reeves, blues av Hank Williams og allsong til Erik Bye sin «Gå til onkel», og var utfylte TrondheimSolistene på ein utmerka måte. «Kleine» Heine Bugge på trekkspel er ein fødd entertainer, som fekk i gang trampeklapp hos publikum allereie før første låt.

«Polkabjørn», Bjørn Tomren, som har gått Norge på langs både til fots og på ski, leverte både song, jodling og sjonglering (!) i løpet av kvelden. Tomren har og delteke i VM i strupesang i den russiske republikken Tuva i Sør-Sibir, og mot slutten av konserten trollbandt han publikum då han viste fram denne ekstremt krevande songteknikken.

– Vi er veldig glade for å ha med oss Polkabjørn og Kleine Heine, dei er ein morsom duo som vi likar å spele saman med, seier Anders Larsen.

Sjå innslag om Bjørn Tomren og strupesang her!

Konserten enda som den måtte gjere, med ståande applaus og påfølgjande ekstranummer. Frå dei unge, lokale fiolinistane inntok scena på åpningsnummeret var konserten proppfull av sjarm og musikkglede, i tillegg til den enorme kvaliteten TrondheimSolistene gong på gong viser seg å vere ein garantist for.

Når konserten i tillegg garantert verkar som ei stor inspirasjonskjelde for dei mange lokale musikktalenta som fekk spele med proffane er det i grunn berre å konkludere med at dette, TrondheimSolistene - det var ein stor suksess.