Aktørane på scena i Storstuå var ganske jamt fordelt på Surnadal, Rindal og Halsa – og brukte vel ein time på å gjere unna eit heilt UKM for tre kommunar – godt bunde saman av to muntre konferansierar i Elise Stensønes og Lars Kvande.

Med tanke på alle som held på med musikk, dans og kunst, kunne det gjerne ha vore fleire påmelde – og samtidig var dei aktørane som hadde meldt seg på såpass dyktige at dei hadde fortent eit større publikum.

Vi må seie at vi merka saknet av at ikkje eit einaste band hadde meldt seg på.

Vi hadde elles fleire 12-åringar på scena som fort hadde gått vidare til fylkesmønstring om dei ikkje hadde vore under aldersgrensa – vi tillèt oss å nemne Maja Løvik på piano, Ingeborg Dønheim på song og Uma Børset Bekken på song.

Vi håper å sjå desse på scena på neste års UKM.

Dei som juryen i Storstuå har vald å sende vidare til fylkesmønstring i Stordal 27. – 29. april er:

– Flow (Surnadal) med dansenummeret «Still Standing»,

– Karianne Holten (Surnadal) trompet på «Vidda»,

– Sanna Reinfjord Steinshamn (Rindal), vokal på «Half The World Away»,

– Silje og Frida (Surnadal) med song og dans på «The Hanging Tree»,

– Elin Brevik (Halsa) med oljemåleri «Høstkveld i Valsøyfjord»

– Synnøve Aukan Meisingset (Surnadal) med skulptur i pappmache «Dragen Osiris».

Karianne Holten (15) spurte bror sin Sigve (10) om han ikkje kunne vere med og akkompagnere på trommer.

Saman fekk dei to søskena fram den gode stemninga på «Vidda» av Ole Edvard Antonsen. Vi får tru det må vere lov å ha med seg litt musikalsk hjelp på fylkesmønstringa, sjølv om han er tre år under aldersgrensa for å delta på UKM.

Elles ser vi at dansarar i alle aldrar nyt godt av opplæringa ved kulturskolen i desse dagar, og 13-åringane i «Flow» går fortent vidare til mønstring i Stordal i slutten av april.

Juryen har altså plukka ut eit godt utval både av scenekunst og bildande kunst, og ingen av desse kjem til å skjemme seg ut saman med utøvarar frå andre stader i fylket.