Vårsøgleiar Gerd Ingrid Kvendset meiner dei ikkje har tenkt så mykje på den eine superkjendisen som skal trekkje folk på Kleiva i år.

Nei, mon det, men Ida Jenshus vil heilt sikkert bli ei stor oppleving for dei som tek turen til Kleivakvelden også i år.

Før jul i fjor slepte ho nytt album – «Two Worlds» og har turnert blant anna med countrylegende og produsent JD Souther – i tillegg til at ho har halde intimkonsertar på heimebane. Og Jenshus glimrar i alle format.

Sjølv har vi ho friskt i minne frå Fosskonserten i 2013 med fullt band, og kjenner oss sikre på at ho vil gjere seg på Kleiva saman med Henning og John Pål.

På Kleiva møter vi også tubavirtuos Øystein Baadsvik med Surnadal Hornmusikk.

– Vi tykte vi ville hylle vårt mangeårige samarbeid med Hornmusikken på Kleiva med å få dei litt fram i lyset i år, seier Vårsøgleiaren.

Vi møter elles Perikom Trio – der Karstein Mauset gjennom ei årrekkje har tonesett lokale diktarar – og vi får gjensyn med genierklærte Ove Røsbak. Vi kjem til å rusle ned frå Kleiva med ei god kjensle i år òg.

Den andre store happeningen i årets Vårsøghelg opplever vi nede på Øra – i Billaget.

I høve jubileet til Kulturskolen på Indre Nordmøre, har Vårsøghelga invitert tre låtskrivarar og artistar med bakgrunn frå musikkskolen – nemleg Jo Sverre Sande, Hans Olav Settem og Øyvind Weiseth. Dermed er også alle tre kommunane i det interkommunale kulturskolesamarbeidet representert.

– Vi tykkjer det er artig å kunne vise dette interkommunale i kulturskolen, og med tidlegare elevar som no gjer musikken til eit levebrød, seier Kvendset.

Eit band – også med tidlegare elevar – Brage Kristian Einum, Sondre Skogseth, Olav Nergård Tørset og Jøran Normann – vil akkompagnere desse tre og alt som elles skal skje i Billaget denne kvelden der høgdepunkta står i kø.

Mange vil nok sjå fram til gjensynet med Famntak – som har vore litt til og frå sidan 2003 då dei gav ut cd med dikt av Hans Hyldbakk tonesett av Henning Sommerro.

Seinare kom dei med eit album der dei sjølv hadde sett melodiar til lokale diktarar.

Og no møter vi dei altså i gedigen feiring av Kulturskolen.

Vi møter også performancekunstnar Sigrid Fivelstad og skodespelar Silje Botten.

Andre høgdepunkt i helga; reopning av Kallastuå som måtte renoverast etter vasslekkasje. Det skjer av alle ting med indisk filosofi med tekstar av Swami Sri Ananda Acharya – betre kjend som Baral – som hadde utstrekt samarbeid med diktaren Arne Garborg, og som budde i Alvdal fram til sin død fredsdagen 1945.

Vi møter Knut Stiklestad, Hans Fredrik Jacobsen og Tone Hulbækmo som har tonesett og framfører tekstene.

Det blir kyrkjekonsert i år òg, der vi får eit vakkert musikalsk møte med Knut Reiersrud og Iver Kleive i konserten «Blå koral».

Vårsøghelga 2018 blir avslutta med klassisk musikk utandørs – i Svinvika Arboret – med Engegårdkvartetten.

Elles i Vårsøghelga får vi på tradisjonelt vis utstillingsopning. Årets Vårsøgkunstnar er Anne-Karin Furunes som har vorte kjend for sine hyperrealistiske kvinneportrett – utført i ein omhyggeleg prosess som omfattar perforering av overflata av lerretet.

Vi får også Henning-timen der Henning Sommerro møter skuleelevar til ein lettbeint time med musikk og historikk.

Og så har sjølvsagt Driva-debatten vorte tradisjon i Vårsøghelga, der ein i år tek for seg nettvett og faren med å dele altfor mykje av seg sjølv på sosiale media.

Dermed skulle det som vanleg vere noko for ein og kvar å få med seg også i årets Vårsøghelg. Billettane vart lagt ut for sal i begynnelsa av denne veka.