Det er Svein Sæter som i årets utgave av "Du mitt Nordmøre"  trekkjer fram dei rundt 800  Kleivabreva som Hans Hyldbakk hadde på trykk i Driva. Sæter meiner breva frå Kleiva og seinare frå Bårdshaugen er ein av dei største suksessane i nordmørsk avishistorie.

- Dei var folkelesnad i 30 år. Både forfattar og avisa hausta av suksessen. Hans Hyldbakk fekk mange tusen nye lesarar og avisa Driva fekk mange nye abonnentar. Til saman skreiv Kleivakongen rundt 800 brev frå residensen sin, og alt han fekk i betaling var ei flaske konjakk til jul, skriv Sæter.

"Du mitt Nordmøre" kan også i år by på ei rekkje interessante forteljingar. Heftet blir gjeve ut av Nordmøre mållag.

Da skriftstyret til årets utgåve hadde behov for hjelp, var ikkje angvikingen Rolf Hindhammer vanskeleg å be. Saman med Oddbjørn Aspås, Rolv Sæter og Astrid A. Aubert kunne han før helga presentere årets utgåve av historieheftet som Nordmøre mållag står som utgjevar for.

– Vi seier oss godt nøgd med resultatet, fastslår Hindhammer - som er innom redaksjonen for å presentere heftet.

I føreordet skriv skriftsstyret at innhaldet spenner frå strikkedilla til kongestoff, folketonar, ungar som kjedar seg og mange andre ting.

Rolf Hindhammer og Oddbjørn Aspås har laga ei oppsummering av årets kongebesøk på Nordmøre. Kongen og dronninga hadde satt av to maidagar til besøket på Nordmøre. Først til Aure, deretter til Tingvoll, Halsa og Surnadal.

«Etter omvising og stor bravur, vart det sett punktum for det store kongelege besøket. Representantar frå alle vertskommunane vart til sist invitert om bord i skipet. Dette vart ei oppleving utanom det vanleg for desse», skriv Aspås og Hindhammer. Det kongelege innlegget er rikt illustrert med mange flotte bilde frå besøket.

Else Marie Haugen i Surnadal skriv om gaupebesøket ho fekk i Brøskehagan 30. mars i år. Det vart hennar største oppleving når det gjeld fotomotiv.

Eg fekk ei gaupe på nært hald like ved huset der er bur. Med det same eg fekk sjå dyret forsto eg ikkje riktig kva eg såg. Det tok til å bli litt skymt. Men da eg oppfatta at det var ei gaupe eg såg, var det full fart for å fram fotoapparatet. Gaupe var ikkje kvardagskost, skriv Haugen. Innlegget er illustrert med to bilde av gaupa. På det eine bildet forsyner ho seg av rådyret som var teke.