Jordskokk og jordskokksuppe var heilt ukjent for Drivas utsendte, heilt til vi fikk ei rask innføring hos Anita Land i Bondehuset. Anita land er informasjonmedarbeidar hos Bioforsk på Tingvoll, og 1. pinsedag hadde ho bruka til å koke jorsdskokksuppe til 100 personar på kjøkkenet i Bondehuset, for salg til publikum frå Vårsøgkonserten. Er nok litt nysgjerring av natur, og takka ja til ein smaksprøve etter at Anita hadde orientert litt om kva jordskokk er, og korleis det har vore bruka i gamal tid.

Det smakte heilt fortreffeleg, og var servert saman med eit rundstykke eller grov bolle med ramsløksmør på. Må nok innrømme at kunnskapen om ramsløk heller ikkje var så omfattande, men har nok høyrt litt om det da. Det er tidlegare tiders kvitløk, og hadde likheiter i smaken.  Det var rett og slett godt!

Etter kvart som publikum strøyma på vart det pågang på jordskokksuppa, og dei aller fleste var nysgjerrige på å smake. Og Anita fikk nok avsetning på suppa si. – og ho fekk mykje skryt! Dei fleste tykte dette var godt, og mellom den eldre garde var det etter kvart fleire som hadde smakt dette før og som kjente til bruken av jordskokk.

Jordskokk var tidlegare tiders rotfrukt, som i si tid vart erstatta av poteta da den kom til Europa og Noreg. Anita Land fortel at den i dag berre er i bruk på finare resaurantar, og det er relativt høg pris på den.  Ho fortel vidare at den er lett å dyrke, og at dei på Bioforsk delvis brukar den til forsøksvis grisefôr i dag. I den samanheng nemner ho at når dei forar med jordskokk, tek den vekk rånesmaken på kjøttet i griseslakt. Jordskokk har elles mange likhetsteikn med potet, men inneheld ikkje stivelse, og er derfor velegna for bruk til matlaging til diabetikarar. Smaksmessig likar den også på potet, med ein liten snev av nøttesmak.

Ramsløken som var bruka til smaksetting av Ramslauksmøret er også kortreist, for den har ho funne i skogen i Stangvika. Den er smaksmessig i slekt med kvitlauken. Den selges i dag i enkelt ekslusive butikkar, og har som jordskokken ein høg pris. tek du ein tur i skogen så er den gratis!

Av Jon Olav Ørsal