Publikum var storbegeistra og kvitterte med ståande akklamasjon.

Etter å ha køyrt førestillinga ”Stemt” for fulle hus i Trøndelag, var turen komen for Gammelfabrikken i Todalen, og tjuvstarten på Stangvikfestivalen 2014. Arrangøren var spent på om publikum ville møte opp da gradstokken passerte trettitalet i på tampen av dagen. Men det var unødig, for storsalen på Gammelfabrikken var fylt til siste stol da Torbjørn Larsen kunne ønskje publikum velkomen.

Førestillinga både starta og slutta med allsong ”Å kor godt det er å søng ut” under leiing av Trygve Brøske, og kontakten med publikum var straks etablert.  Trygve brøske var saman med Jo Inge Nes og Erlend Smalås tonefølgje for Marianne Meløy gjennom førestillinga.

Og Marianne Meløy fekk demonstrert både stemmerett og stemmebruk på mange vis gjennom førestillinga. Krydra med mange innslag og sitat og kjente visdomsord både frå eigen familie og frå gamle kjendisar som Hanna Kvannmo, Helga Pedersen og mange andre. Marianne heldt fullt trykk gjennom heile førsttillinga, og vi skjønner ikkje korleis ho klarte det i den trykkjande varmen.

Stangvikfestivalen fortsett fredag på heimebane i Stangvik, med opningskonsert i Prestegardsstua og ”Russisk aften” i Bondehuset.