Kva er gale med (namnet) Sunndal?

Etter at namnedebatten har tatt av i Sunndal, skriv Nesset-politikar Mellvin Steinsvoll at namnet ikkje er det viktigaste i samanslåings-saka. Nei, det aller viktigaste for meg har heile tida vore at kommunesamanslåing svekker lokaldemokratiet. Derfor bør folk stemme nei til samanslåing i folkeavstemminga 25. april. Men kven er det som har gjort namnet til ei viktig sak?

I avisa Driva 5/2 seier ordførar Refstie at «Nesset har løftet fram navnet som viktig», og Nesset-ordførar Hurlen seier «skulle Sunndal bli foreslått som navn tror jeg vi vil få reaksjoner her i Nesset».

Det er altså Nesset-politikarar som har gjort namnet til det viktigaste, ved å sette nytt namn som vilkår for ein avtale. Dette er for øvrig i strid med det som er vanleg i slike samanslåings-saker. Kristiansund pluss Frei heiter Kristiansund, Aure pluss Tustna heiter Aure.

Først krev altså Nesset-politikarar nytt namn, og får det med i forslaget til avtale. Men når det blir debatt om dette i Sunndal, seier Nesset-politikarar at namn ikkje er så viktig likevel. Det er ikkje truverdig, og verkar meir som ein taktikk for å stanse debatten i Sunndal.

Dersom namn ikkje er viktig, korfor vil Nesset-politikarar da absolutt avskaffe namnet Sunndal som kommunenamn?

Og så må Steinsvoll og andre slutte med å late som dei ikkje forstår forskjellen på sær-nemningar for folk frå ulike «bygder og dalfører» og fellesnemningar for folk frå ein kommune.

I Aura Avis 4/2 finn vi overskrifta «Sunndalinger slo til». Det gjeld ungdommar frå Sunndal som gjorde det godt i KM i friidrett i Ulsteinvik. Avisa skriv ikkje noko om kva delar av Sunndal kommune desse ungdommane kjem frå. Det er jo også heilt likegyldig. I eit KM i Ulsteinvik er dei alle sunndalingar, det vil seie frå Sunndal kommune.

Ein treng eit slikt godt fellesnamn for innbyggarane i ein kommune. Eg har til gode å sjå eit godt namn for ein innbyggar i ein eventuell Aura kommune.

Vi er alle sunndalingar, vi som bur i Sunndal kommune, og det vil mange av oss gjerne fortsette å vere.

Erling Outzen

Kommunestyrerepresentant for Sunndal SV