Næringslivet i fylket vårt opplever skiftande tider. Utfordringane i oljenæringa er store. Svært mange arbeidsplassar med utgangspunkt i den oljerelaterte industrien har gått tapt dei siste månadene. Heller ikkje vårt fylke har sloppe unna. Det er alvorleg for dei som blir råka.

Heldigvis finst det også mykje å gle seg over. Hadde statsminister Erna Solberg valt å komme til Surnadal i staden for til Molde tidlegare i veka, hadde ho fått meir å gle seg over. I onsdagens avis hadde vi ein større reportasje frå Pipelife i Surnadal. Rørgiganten passerte milliarden i omsetning i fjor. I neste månad startar produksjonen av gigantrøra med ein diameter opp mot 1,6 meter. Med den nye produksjonslinja på plass har Pipelife styrka seg i den internasjonale marknaden. Når bedriftene i vårt distrikt så langt har unngått den store nedturen, skuldast det mellom anna at næringslivet på indre Nordmøre ikkje er så sterkt knytt opp mot offshorebedrifter som elles i fylket. Dagleg leiar Magne Løfaldli i SIV Inkubator i Surnadal uttalte til Driva i starten av året at utsiktene for 2016 er gode.

Året vi er inne i blir spesielt på fleire vis. Eg tenker på kommunereforma og all informasjonen folk må ta inn over seg på kort tid. Allereie om 72 dagar – den 25. april, skal vi gje vårt råd til politikarane gjennom folkeavstemming.

Det er eit viktig val som skal takast. Surnadal, Rindal og Halsa er i ferd med å kome nærare kvarandre. I Sunndal er det stor usemje rundt namnet på den nye kommunen det er planer om å skape saman med Nesset. Sambygding Vigdis Fjøseid undrar seg i eit lesarinnlegg i onsdagens Driva på kvifor det har vorte så stor diskusjon rundt namnet på den nye kommunen.

Eit godt spørsmål. Namnet har med kjensler å gjere, og det skal ein ta på alvor. I kvardagen blir det likevel - som Fjøseid påpeikar - viktigare kva funksjonar som blir igjen på rådhusa i dei minste kommunane. Kva skular som får leve og kva institusjonar som skal sikre sjukdom og alderdom for innbyggarane. Det er meir kunnskap om slike spørsmål folk må få greie på før dei går til valurnene for å velje retning eller seie nei til samanslåing.

Det blir ikkje vanskeleg å finne både ulemper og fordelar ved dei ulike alternativa det skal stemmast over. Eg trur berre dei færraste er heilt overtydd over kva som er det rette den dagen stemmeseddelen skal puttast i valurna. Eg er glad for at også 16-åringane skal få ta del i ei så viktig men vanskeleg avgjerd.