I Drivas nettavis 9.2 las eg eit godt lesarinnlegg frå dei to. Det alle meste er eg og einig i; kvifor då ein replikk?

Jo fordi, at på nordsida av Todals – Stangvik og Halsafjorden må ein sjå på kommunestruktur og regionstruktur i lag om ein ønskjer å få til endringar på kommunekartet slik at Halsa, Rindal og Surnadal skal kunne bli ein kommune. Etter mi meining   kan ein uansett ikkje sjå dei pågåande strukturdebattane om framtidas kommunestruktur og regionstruktur som isolerte saker.

Som eg skreiv innleiingsvis er det lett å være einig i mykje det Jenny og Kristin skriv. Det blir ikkje noko forskjell på utfordringane for Nordmøre om ein held fram i Møre og Romsdal eller blir ein del av «stor» Trøndelag. Men, for indre Nordmøre vil det være ein heilt vesentleg forskjell.

Med vilje til kompromiss og det «mogleg es kunst» i forhold til Rindal sine ønskjer om å bli ein del av Trøndelag,  kan ein med godt politisk handtverk i Surnadal og Halsa om regiontilknytning ha moglegheit til å  få fram ein intensjonsavtale mellom Halsa, Rindal og Surnadal som innbyggarane kan få være med å ta stilling til i  folkeavrøystinga no i vår.

For meg er det ei så viktig sak, at å kompromissa om «Møring eller Trønder» lever eg svært godt med. Nordmøring vil eg væra uansett.

Stangvik 10.2.2016

Bergsvein Brøske