Årets gaupejakt er over. I Møre og Romsdal vart det i år skote seks gauper, fire i Nesset og eit dyr kvar i kommunane Halsa og Averøy. Dette er eit heilt spesielt jaktresultat. Ikkje sidan 1888 er det felt fleire gauper under jakta, uttalar Astrid Buset hos fylkesmannen til Driva. Totalt vart det skote 31 gauper under jakta i Midt-Norge

I Halsa er årets felling den første på fleire tiår. I Nesset har det vore skote gauper også for få år sidan, men fire fellingar i år fortel at det har vorte fleire gauper i området og at jakta har vore betre organisert.

Det er liten tvil om at gaupa forsyner seg grovt av rådyrstammen, som er mellom favorittane i matfatet. Gaupa tar også hjort og lam. Gaupejakta står difor for ei viktig regulering av stammen. Det er usemje om kor mange fellingar stammen tåler. I kvotejaktområdet på Nordmøre vart jakta stoppa etter at den vaksne hogaupa i Halsa vart felt. I Nesset endte den kvotefrie jakta opp med fire fellingar.

Gaupejakt har alltid vore omstridt. Vi meiner jegerane gjer ein viktig jobb for å halde stammen nede på eit nivå som politikarane har vedteke. Det er difor trist å registrere at mange jegerar kvir seg for å stå fram i frykt for å motta truslar og hets i sosiale medier. Slik skal det ikkje vere.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner forvaltninga ikkje klarer å skilje mellom toppår og botnår i registreringa av gaupe, og at det fører til at kvoten blir sett for høgt i forhold til talet på dyr.

Mange vil vere ueinige i ein slik konklusjon. I fleire kommunar i vårt distrikt har det vore gjort mange observasjonar av gaupe. Det kan tyde på at stammen veks og at det ikkje er fare for full utrydding.