Eg ser av lokalavisene, og frå nett, at Gunnar Erstad med fleire prøver å framstille prosessen fram mot vedtaket av reguleringsplan for kaiområdet på Øksendalsøra som «tvilsom» og «udemokratisk». Likeså at den vedtekne plana «raserer» Øksendalsøra. Begge delene er sjølvsagt heilt feil.

Deler av denne debatten har innehalde kommentarar, uttrykk og ei form som gjør at eg ikkje hadde tenkt å delta. Men når feil og bevisste feiltolkingar blir gjenteke ofte nok, kan ein risikere at det festar seg som sanning. Difor dette innlegget.

«Ein tvilsam prosess».

Det vert framstilt slik at dette har vore ein prosess i «..De lukkede rom..». Bakgrunnen for dette verkar å vere at saka har vore drøfta på partia sine gruppemøte og at berre ein mindre del av medlemmane i kommunestyret tok ordet i sjølve kommunestyredebatten. Men dette er den heilt vanlege handsaminga av dei aller fleste sakene i kommunestyret. Eg har sjølv hatt politiske verv i Sunndal Kommune i 28 år, samt 8 år i fylket. Denne framgangsmåten er den normale på alle nivå frå kommune til og med Storting. Partia (eller samarbeidande partigrupper) drøfter sakene i sine eigne møte. Så står den enkelte representant fritt til å ta ordet i Kommunestyret (eller anna politisk organ). Ofte tek gruppeleiar eller saksansvarleg representant ordet på vegne av gruppa, slik som i denne saka. Heilt normalt og ikkje tvilsamt på nokon måte. Sunndal kommunestyre handsama i 2015 tilsaman 122 saker og Økonomi- og planutvalet 95 saker. Det seier seg sjølv at det vert så godt som uråd å gjennomføre dette dersom ein skal krevje at alle tek ordet.

Prosessen i denne saka har vore open, gått over meir enn 5 år og alle synspunkt har vore kjent for alle.

Kompromiss.

Etter at Kommunestyret gjorde sitt klare vedtak, med 24 mot 3 stemmer, har spørsmålet om kvifor ikkje planalternativ nr. 1 - med to mindre bygg - vart valgt som eit mogleg kompromiss. Etter det eg kjenner til, så har det aldri kome signal om vilje til noko kompromiss frå motstandarane av bygging på kaia. Haldninga har vore heilt klar: Nei til utbygging. Da blir det ikkje truverdig når ein kritiserer andre for å ikkje gå for eit kompromiss når ein sjølv av vore urokkeleg mot alt som kan minne om eit slikt kompromiss i snart 6 år. I møte 23.04.2013 vedtok Økonomi- og planutvalet med 10 mot 1 stemme at tomta skulle nyttast til bustadbygging. Sjølv ikkje da var tanken om eit kompromiss teke opp.

I september 2015 sendte vi i Øksendal Utvikling e-post til Gunnar Erstad med tilbod om eit orienterings- og drøftingsmøte:

«……..Arkitekten er i sluttfasen på dette arbeidet no og nytt forslag vil venteleg bli oversendt kommunen med det første. Sjølv om vi sikkert fortsatt ikkje er einige om bruken av området, vil vi gjerne ta ein runde med dokk om temaet. Så dersom dykk har interesse av ein presentasjon av planane og ei drøfting kring dette, så gi beskjed.»

Men vårt forslag om å møtast for ein gjennomgang vart kontant avvist i e-post frå Gunnar Erstad den 02.10.2015:

«…….For meg så er det å omregulere og privatisere det eneste offentlige friområde på Øksendalsøra kanskje det største problemet, så å drøfte utforming og antall hus på denne tomten ser jeg ingen hensikt i for min del. Jeg mener en utbygging, liten eller stor vil uansett privatisere dette området i praksis…..»

Når ein no i ettertid bruker mangel på kompromiss, for å så tvil om prosessen fram til vedtaket i kommunestyret, er det i beste fall eit forsøk på å omskrive fakta.

Alternativ 1 eller 2:

Det har vore etterlyst ei grunngjeving for val av alternativ 2. Dette går klart fram i saksdokumenta og i fleire svar for medlemmar i kommunestyret på tilsvarande spørsmål gjeve på nett. Eg vil i tillegg gje nokre kommentarar på kvifor vi i Øksendal Utvikling meiner at alternativ 2 er det klart beste.

• Vårt hovudbygg gjenskaper det same bygningsvolumet/formen, og på akkurat same staden, som det gamle Samvirkelaget hadde. Ein retter opp den skaden som vart gjort da dette bygget vart rive på 60-talet. Ei riving som aldri hadde skjedd om bygget hadde stått i dag.

• Ein har da plass til 5 (kanskje 6) bueiningar og ikkje 4 som i alt. 1.

• Ein flytter parkeringa frå å vere ute på kaiområdet til kjellaren under bygga. Dette meiner vi og er betre for alle, også sett frå ein kulturhistorisk ståstad. Vi er forundra over at Erstad og fleire argumenter for utanomhus bilparkering midt i eit så verdifullt historisk område.

• Alt. 1. føresett at bebuarane sine parkeringsbehov vert dekt ved utanomhus parkering. Vi meiner at ei slik løysing vil gjere bustadane nesten uråd å selje til heilårsbustadar. Vi trur ikkje at folk vil betale det som det i dag kostar å bygge fint miljøtilpassa, og samstundes ha bilane sine ute (det er heller ikkje plass til å bygge garasjar seinare). Utan ei akseptabel parkeringsløysing så trur vi at bygga berre er egna til fritidsbustader eller korttidsutleige, og det er ikkje vårt ynskje.

Høgde på hovudbygg.

Gunnar Erstad skriv fleire stader at hovudbygget blir 13,5 meter høgt. Det går heilt klart fram av sakspapira at dette er feil. Mønehøgda er på kote 13.5. Tomta ligg på kaia og den har kote 2. Altså er bygget 11,5 meter høgt på sjøsida. Vegen forbi på oppsida ligg på ca. kote 4. Der, frå den mest synlege vinkelen, vil difor bygget ha ei høgde på 9,5 meter. Det er og viktig å understreke at etter dei siste endringane i plana er desse no godkjent av fylkeskonservatoren. Det gjeld også høgda, da denne har « ei historisk forankring».

Uttaler frå fylket.

Både i avisinnlegga til Gunnar Erstad og i div. innlegg på nett, blir det vist til at både Fylkesmannen og fylkeskommunen har gjeve faglege råd som går mot utbygging på denne tomta. Dette er uttaler som er gitt til planer som er endra for lenge sidan. Verken Fylkesmannen eller fylkeskommunen har kome med innvendingar til dei planane som no er vedtekne. Tvert i mot, fylkeskommunen støtter det forslaget som kommunetyret har vedteke. Å bruke uttaler som er avgitt til gamle planer og å framstille desse som om dei gjeld det som no var oppe til behandling, er i beste fall bevist missvisande.

Anna verksemd.

Eg var på mitt første møte om planarbeid på Øksendalsøra i 1979. Alt da var det eit viktig mål å gjenskape aktivitet i området. Noko som og går klart fram av reguleringsplana for heile Øra, der det m.a. står:

«…..I tilknytting til boliger eller naust eller i disse, kan det tillates drevet mindre handverks- og forretningsvirksomhet……..»

Ved å ta omlag tilsvarande formulering inn i den no vedtekne reguleringsplana vert vedtektene for heile området meir like . Det er difor urimeleg å bruke dette for å underbygge ein påstand om «tvilsom prosess».

Oppsummering.

Vi i Øksendal Utvikling meiner at den no vedtekne reguleringsplana tek i vare dei antikvariske verdiane på Øra på ein sers god måte. Det gir dei personane som kjem til å busette seg i dei 5-6 leiligheitane truleg Sunndal kommunes mest attraktive bustadsplassering. Og det vil vere eit viktig skritt mot målet om å gjenskape Øksendalsøra som «……..som enslags «hovedstad» for vedkommende bygd….» (sitat frå den første registreringa på Øra gjennomført i samarbeid med Fylkeskonservatoren i 1980).

Øksendal 16.05.2016

Per Steinar Husby

- Å føre opp eit bygg med same mål og på same stad som det gamle Øksendal Samvirkelag sitt bygg, er kulturhistorisk rett og viktig for oss i Øksendal Utvikling, skriv Per Steinar Husby.