Eg som har røter på Nordmøre, følgjer interessert med i det som ”Driva” har å melde, serleg frå Todalen og Halsa. Da er eg heime der besteforeldra Johanna og Kristian levde og verka, og der far voks opp. Med deira tid i minnet, møter eg det som no hender på Nordmøre. Derfor les eg alltid ”Driva” med den same gleda og interessa.

Men da er eg mindre nøgd med den gleda som avisa jublar ut på første side kvar fredag: ”Endelig er det helg.” Heile min banale uvilje botnar i dette ”endelig”. For siste veka kom og fór like fort som alle andre veker, så helga arta seg som eit overfall.

Slik verkar det når ein straks skal fylle 90 år, er sjukeleg, og baskar med eit større skriveprosjekt.  Samtidig som det da er alt for mange dagar som er lite fruktbare, veit eg at det i alle fall er lite både energi og tid framfor meg. Medan tida rasar forbi, ville eg  derfor så gjerne halde på dagen, anten det er ein måndag eller fredag. Da kom eg kanskje i hamn med skrivararbeidet mitt. Endeleg.

Men lat meg til slutt vere så real at eg minnest den tida eg sjølv syntest det var godt med vekeslutt.

Kristian Halse.