Kvar årstid har sin eigen sjarm. Stabile vinterdagar er ikkje å forakte, men eg må medgje at eg synest både våren, sommaren og hausten er enklare å leve med. Forsommaren i år har slett ikkje vore så verst med mange fine dagar med gode temperaturar og forholdsvis lite nedbør. Det må vere lov å håpe på at det fortsett slik framover sommaren og hausten.

Mange stader har det vore så tørt at grasavlingane har vore svekka. Lauvskogen derimot ser ut til å trives. Sjøl køyrer eg den 37 kilometer lange strekninga mellom Eidsvåg til Sunndalsøra fem dagar i veka. Store delar av strekninga må køyrast i tunnelar som går gjennom fjell og krattskog.

Det er dei grøne tunnelane av krattskog eg gjerne hadde sett det var muleg å gjere noko med. Dei stenger for den flotte utsikta vi veit er der. Slik er det langs mange vegstrekningar rundt om i landet vårt.

I går kom det inn ei pressemelding frå landbruksdirektøren i Møre og Romsdal som fortel at det kan vere håp. Gjennom årets jordbruksoppgjer er det sett av 20 millionar kroner for bruk i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til ei ordning for rydding av kulturlandskap, vegkantar og utsiktspunkt «av særleg verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side».

Det er bra. Attgroing av kulturlandskap og vegkantar er ei aukande utfordring. Attgroinga svekkar grunnlaget for reiselivsnæringa og er til irritasjon for oss som til dagleg er ute på pendlarruta vår.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at attgroinga har auka på i takt med at det er færre dyr på beite. Det er ei samfunnsutvikling som det ikkje ser ut til let seg stoppe. No er det altså mogleg å få tilskot for slik å kunne opne opp det flotte landskapet vi har her i fylket. Eg støttar fylkesmannen si oppmoding til både grunneigarar og andre om å ta i bruk ordninga. Vi trivst best i öppna landskap.

Ha ei riktig god helg!