For min eigen del er det sjølvsagt hyggeleg når statistikken viser at eg er den på Mørebenken som har stilt flest spørsmål til regjeringa i stortingssesjonen 2015/2016, og at eg er blant dei mest ivrige til å stille spørsmål av alle på Stortinget.

Dette har vore omtalt i nokre aviser i Møre og Romsdal.

Eg vil likevel koma mine kollegaar som tilhøyrer regjeringsparti (og som har få eller ingen stilte spørsmål) i forsvar, og samstundes fortelje litt om kva desse spørsmåla tener til.

For det første: då det var raud-grøn regjering og eg sjølv tilhøyrte eit regjeringsparti, stilte heller ikkje eg mange spørsmål, verken i spørjetimen eller ved skriftlege spørsmål som blir sendte til statsrådane for å få skriftlege svar. Tilhøyrer partiet ditt regjeringa, er det ikkje god skikk å stille slike spørsmål offentleg. Det er meir vanleg å ta det med dei aktuelle statsrådane og statssekretærane direkte, per telefon eller per e-post. Som elles i livet er det forskjell på folk: det er ulikt kor aktive stortingsrepresentantane vil vera også med denne forma for spørsmål og påverknad, men om nokon frå regjeringsparti er aktiv eller mindre aktiv blir ikkje synleg på ein statistikk. Når det gjeld dei spørsmåla vi som sit i opposisjon stiller, er dei ein måte å få svar på viktige saker på. Kva har skjedd, kvifor er ikkje noko gjort, kva vil statsråden gjera – og så vidare. I beste fall påverkar vi også regjeringa til å bli meir oppteken av dei sakene vi tek opp, mellom anna fordi vi kan skrive grunngjeving for spørsmålet og vise til kva problemet eventuelt er. Mange av spørsmåla er gjerne om saker som fortener meir merksemd, og vi håpar den statsråden vi stiller spørsmålet til finn ut at ho/han vil følgje opp vidare.

Årsaka til at eg har stilt mange spørsmål, er at eg på den eine sida truleg er noko nysgjerrig anlagt kva gjeld politikk, eg tykkjer heile tida eg bør vita meir. For det andre får eg mange gode innspel frå folk som tek kontakt og frå folk, organisasjonar og bedrifter eg møter når eg reiser rundt. Ombodsrolla er noko av det viktigaste ved det å vera stortingsrepresentant, og då er det nyttig å stille spørsmål til regjeringa om viktige saker (eller ta dei opp direkte når ein tilhøyrer eit regjeringsparti sjølv). I tillegg til å stille spørsmål og fremje såkalla interpellasjonar til debatt i Stortinget, har stortingsrepresentantane høve til å fremje såkalla representantframlegg med vedtakspunkt (ofte kalla dokument 8-framlegg). Også dette er det oftast opposisjonsjonspartia som står bak.

Så oppsummert: representantar frå ulike parti vil ha ulike måtar å arbeide på alt etter om partiet deira er i regjering eller ikkje. I tillegg vil det variere gjennom året kor aktive vi er med å stille spørsmål eller vera synlege i media, for arbeidsmengda på Stortinget er også særs skiftande. Det kan vera lettare å vera aktiv og synleg utad når ikkje arbeidsdagane varer til over midnatt. Og så er vi berre menneske vi også - eigen sjukdom eller sjukdom og dødsfall i familien kan gjera at statistikkane blir dårlege i somme periodar utan at det betyr at vi har vorte kritikkverdig sløve.

Oppmodinga er klår frå mi side: bruk oss som sit på Mørebenken når de har innspel om viktige saker. Vi har ulike måtar vi kan ta sakene vidare på, og vi set pris på å få kunnskap om ting vi kan jobbe vidare med.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet