Eg har lagt merke til utspelet frå ordføraren i Surnadal, som har uttalt til NRK at viss både Halsa og Rindal skifter fylke, må Surnadal gjera det same. Det er også heldt eit arbeidsmøte i kommunestyret i Surnadal der signala om å trekkje mot Trøndelag skulle ha vore heilt klåre. Slik eg har lese dette, er det snakk om eit arbeidsmøte heilt utan ein føregåande prosess og utan ei nødvendig utgreiing av temaet.

Vi har hatt folkeavstemmingar tidlegare i år. Resultata der gjorde at alternativet med Surnadal, Rindal og Halsa som felles kommune, og med tilhøyrande søknad om overflytting til Trøndelag, ikkje lenger er reelt. Det er ikkje mogleg å bruke avstemmingsresultatet i Surnadal som argument for at folket ønskjer å skifte fylke. For det første fordi føresetnaden for eit eventuelt fylkesskifte var tett knytt til ein ny, felles kommune, og for det andre fordi valoppslutninga var veldig låg. Det var under folkeavstemminga dessutan ikkje mogleg å stemme for ein ny, felles kommune utan å stemme for fylkesskifte.

Det er fullt forståeleg at kommunestyret i Surnadal er bekymra for det interkommunale samarbeidet om særleg barnevern og kulturskulen no som Halsa og Rindal kan rakne, samt for framtida til Svorka. Dette var ei av årsakene til at eg vart glad for at Rindal gjorde eit vedtak om å halde fram som eigen kommune. Dette vil nemleg gjera det mogleg å halde fram med godt interkommunalt samarbeid med Rindal framover. Vi kan ta Holtålen som eit døme; godt over halvparten av dei interkommunale samarbeida dei har, er fylkeskryssande. Holtålen, Røros og Os har alle no avgjort at dei vil halde fram som eigne kommunar, og samtidig at dei vil inngå sterkare og meir forpliktande samarbeid.

Den openbare trusselen mot interkommunalt samarbeid med Rindal er viss Stortinget skulle gå inn for tvangssamanslåing av Rindal med den nye Orkladal kommune. Eg har særs lite tru på at det kjem til tvangssamanslåingar. Om det mot formodning likevel skulle gjera det, er det i alle fall klokast av kommunestyret i Surnadal å vente til dei ser an situasjonen til Rindal før dei utan utgreiing av konsekvensane trekkjer mot Trøndelag. I dette biletet er det pussig å sjå at det er Sunndal kommunestyre som er mest opptatt av Todalsfjordprosjektet og ikkje Surnadal. Det er betryggande at Sunndal er klårtenkte på dette punktet, men urovekkjande at Surnadal ikkje ser ut for å sjå samanhengen. Det handlar om eit stort prosjekt som står som nr. 2 på ei prioriteringsliste, i eit fylke som har for vane å følgje denne lista når pengane skal på bordet. Å tru at Trøndelag skal ha ønske om å bruke store summar på ei bru over frå ytterkanten Surnadal (viss vi skal flytte fylke) over til Sunndal i eit anna fylke, er meir optimistisk enn realistisk.

Spørsmålet om framtidas struktur er stort: Vil det bli nye og unorske gigantregionar i Noreg der Møre og Romsdal opphøyrer som fylke? Dette kan skje anten ved at heile fylket blir slått saman med Trøndelag eller ein region i sør-vest, eller ved at fylket sprekk, til dømes ved Romsdalsfjorden, og vi går nordover saman med delar av noverande Romsdal og resten av Nordmøre. Viss Møre og Romsdal skal bestå som fylke, er det mange som vil meine at det er uaktuelt å sleppe Surnadal ut, som den næringssterke og rimeleg befolkningssterke kommunen vi er. Attpåtil er vi per i dag fylkets tredje største kommune i areal. Eg har som stortingsrepresentant handsama søknader om fylkesflytting frå kommunar andre stader i landet, og veit at dette ikkje er enkelt å få gjennom på Stortinget.

Svakheita til regionreforma som regjeringa har sett i gang, er at kommunane ikkje veit kva dei skal forhalde seg til no. Eg forstår jo veldig godt at det vil vera ei stor ulempe for Surnadal vidaregåande skule dersom ungdommar frå Rindal og eventuelt Halsa som del av Trøndelag ikkje får gå på skulen her. Og det framstår imponerande når storparten av næringslivet  i Surnadal vil bytte fylke. (Men så går jo NHO inn for 70 kommunar i heile Noreg også då, og politisk farge påverkar også retningsval.) Men desse momenta kan ikkje avgjera retningsvalet for Surnadal kommune utan at spørsmålet er utgreidd og gjennomtenkt, og utan at folk får sagt meininga si i eit opplyst ordskifte.

Kvifor hastar det så gale? Eg meiner kommunane i randsonene kan besinne seg og avvente kva som skjer med kommune- og regionreforma. Kanskje blir Surnadal uansett del av ein gigantregion med Røyrvik og Vanylven som ytterpunkt. Då treng vi ikkje bruke energi på å åle oss over til Trøndelag no. Kanskje består Møre og Romsdal. Dette siste trur eg helst; at det vart eit eige politidistrikt med fylkesgrensene som yttergrense er ein peikepinn. I så fall vil Surnadal mest truleg halde fram som del av nettopp Møre og Romsdal. Då bør innsatsen heller gå på å unngå ulemper ved at Rindal, Halsa og Surnadal hamnar i to ulike fylke – i staden for å vinke farvel til eit fylke som vi kjem til å vera ein del av framover uansett. Vil ein helst sjå mot Trøndelag likevel, får ein i alle fall gå grundig inn i saka, utgreie konsekvensane og ta folket med på råd før ein begynner å vinke.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet