Gjennom tett innpå samanhengande 50 år har eg no arbeidd som kommunalt tilsett, folkevald og tillitsvald i landsomfemnande organisasjon (fylkesleiar i organisasjonen Nasjonalforeningen for folkehelsen i 30 år) med saker og oppgåvefelt som vedkjem dei eldre. Dei siste 10-11 åra har eg også hausta røynsler som leiar i pensjonistlag og eldreråd. I tillegg kjem 8 år som nestleiar i fylkeseldrerådet og 4 år i helseføretaket sitt brukarutval.

Eg har hatt høve til å følgje utviklinga innan eldreomsorga. Meiningane har skifta opp gjennom åra. Auken i talet på eldre i åra som kjem er ei stor utfordring. Sjølv om mange eldre er friske og ved god helse er det og mange som er pleie- og omsorgstrengande i større eller mindre grad. Desse sist nemnde må få gode omsorgstilbod. Kva som er beste måten å leggje opp omsorgstilboda på er det delte meiningar om. Trenden no synest å vere ei omlegging frå tilbod ved institusjonar til meir open omsorg med større bruk av teknologiske velferdsordningar. «Dei eldre ønskjer å bu i eigen heim så lenge som mulig», blir det sagt. Som om dette er noko nytt. Eg oppfattar det som på mange måtar «politisk ukorrekt» å argumentere med at ein må ha tilstrekkeleg med institusjonsplassar for å møte eldrebølgja som kjem.  Pensjonistforbundet har i alle høve hatt eit klårt standpunkt når det gjeld kor viktig det er å ha nok institusjonsplassar for møte framtida si eldreomsorg. Fakta er at det er dyrare å drifte institusjonar enn open eldreomsorg. Ved ei omlegging frå institusjonsdrift til til meir open omsorg er det viktig at tilstrekkelege ressursar blir stilt til rådvelde. Eitt poeng som ikkje blir understreka nok er dei pårørande sin rolle i denne samanhengen. Av og til er det nettopp takka vere dei pårørande at eldre omsorgstrengande kan bu i heimen sin. Av denne grunn bør dei pårørande sjåast på som ein ressurs og sjølvsagt møtast med respekt og forståing. Omsorgslønn vil eg tru er lite utbreidd samstundes som midlane til dette føremålet er sterkt begrensa. I framtida vil eg tru ein i mindre grad enn i dag kan vente hjelp frå dei pårørande. Dette fordi folk reiser meir og busett seg gjerne på stader langt frå heimstaden, kanskje i eit anna land.

Nedlegging av institusjonar er mange gonger eit tiltak for å spare pengar. Dette kan ein ikkje snakke seg bort i frå. Eg har som leiar i pensjonistlag og eldreråd vore med og kjempa mot nedlegging av institusjonsplassar. Vi tapte kampen. No gjeld det og sjå framover. Utfordringane er mange. Surnadal kommune si pleie- og omsorgsteneste har tilsette som gjennomgåande dagleg utfører ein framifrå jobb. Ingen tvil om dette. Desse arbeidstakarane må ikkje få for sterkt arbeidspress, da kan sjukemeldingane raskt kome. Ein slik situasjone er ingen tent med.

Som tillitsvald i eldreråd har eg opp gjennom åra opplevd at det ikkje er så lett å få gjennomslag for våre forslag, men nokre sigrar har det da blitt. Eg sitt av og til igjen med eit inntrykk av at eg som er tillitsvald for dei eldre er i den situasjonen at «Du må`kke komme her og komme her», for å sitere frå Øystein Sunde sitt album som blei gitt ut 19. okt. 1994. Andre veit betre. Men, eg trur no likevel at det kan vere lurt å ikkje ha for vane og sjå bort frå forslag  som representantar for dei eldre kjem med.

Johs. J. Vaag