Frå barndommen hugsar eg kvite romjuler. For alle som er glade i å gå på ski er det leit med så ustabile vintrar som vi har hatt dei seinare åra.

Debatten rundt årsakene til snøfattige, milde og våte vintrar fekk nyleg ein oppsving her i landet med Carl I. Hagens mulege gjeninntreden på Stortinget frå neste haust. Ei av sakene Hagen vil profilere seg på er å kjempe mot påstandar som seier at klimaendringane er menneskeskapte. Hagen viste nyleg i eit tv-intervju til at kloden var to grader varmare i vikingtida – og at det ikkje kunne skuldast bruk av dieselbilar ...

Vel, eg har ingen føresetnader for å motseie eit nærmast samla forskarkorps som meiner klimaendringane vi ser også ser her i landet er menneskeskapte. Vi gjer utvilsamt rett i å ta klimaråda på alvor med tanke på komande generasjonar.

Jula er tid for ettertanke. Det er mykje som ikkje er som det burde vere ute i den store verda. Eg kan ikkje la vere å tenke på dei lidingane mange syrarar har vore og er framleis er utsette for. Det er både skremmande og trist å sjå kva tilhøve dei må leve under som eit resultat av borgarkrigen. Det er så leit å vere vitne til at verdssamfunnet ikkje maktar å gjere noko for å stoppe lidingane som krigshandlingane resulterer i.

Når ein først er utanriks; det er mange som er spente på verknadene av det komande presidentskiftet i USA. Det er mellom anna ting som tyder på at USA i langt større grad vil verne om eigne interesser framover. Så får vi håpe på at den påtroppande presidenten har folk rundt seg som kan dempe verknadene av impulsstyrte uttalelsar og handlingar.

Jula er først og fremst den store familiehøgtida der det er viktig at vi ikkje gløymer kvifor vi feirar jul. Ein ser tendensar i samfunnet i dag der julebodskapen og sjøl tradisjonsrike julesangar møter motbør i kvardagen. Eg likar det ikkje.

Tradisjonen tru skal min familie samlast hos yngste dotter vår, Torill og hennar familie, på Osmarka julekvelden. Det er alltid triveleg. Eg er nest yngst av fire søsken. Åra har gått fort, og i dag er vi samla blitt ein stor familie. For nokre år sidan var det nokre av borna våre som kom på at vi alle burde samlast ein gong i løpet av romjula. Andre juledag er vi bortimot førti personar med smått og stort som er klare for eit nytt romjulstreff. Den årlege julesamankomsten gjer at vi held kontakten med kvarandre.

Jula blir elles litt spesiell for vår familie i år. Svigerfar Anders på Hundhamaren i Malvik, døde for nokre dagar sidan. I februar neste år ville han ha fylt 93 år. Fredag var vi i Malvik i gravferd. Det er ein kjempe i livet for mange som har gått bort. Anders var snekkar av den gamle skulen. Han var ein handverkar som kunne bygge alt frå dei flottaste møblar til å sette opp eneboligar og løer.

I Driva har vi hatt ein hektisk innspurt med juleavisa. Eg håper du som lesar finn mange saker av interesse. Det er all grunn til å rose ein samla Driva-stab for stor innsats gjennom heile året. Under juleavslutninga vi hadde onsdag, sa eg at det er den oppofrande innsatsen for avisa og lesarane som er årsaken til Driva er høgst oppegåande i sitt 45. år. Vi har lagt bak oss eit godt økonomisk år og er takknemlege for det.

I jula er det viktig at vi koplar ut arbeidet dei dagane vi har fri. Det er viktig for oss sjølve, men også for dei vi har rundt oss på heimebane.

Ha ei riktig god jul!