Rema vil ha kontroll med ølbrygginga sjøl. Kan det bli slik at matvarekjedene med tid og stunder også vil knytte til seg eigne mjølkeprodusentar, meieri og slakteri?

Det var Adresseavisen som onsdag hadde ei stor sak på at Rema kastar ut lokale bryggeri og startar ølbryggeri sjøl. No skal matvarekjeda selge «handverksøl» frå 19 sjølvstendige mikrobryggeri. Målet er sjølvsagt å tene pengar på dette.

Det er sjeldan våpenkvile i krigen om matvarekundane. Kjedene fører ein vedvarande kamp for å kunne tilby dei rimelegaste prisane. Eg veit ikkje om ølet blir billegare frå småbryggeria, men vi forbrukarar er underlege slik. Vi betaler gjerne mellom femti og seksti kroner for ei flaske øl frå eit mikrobryggeri, men reagerer kraftig dersom mjølkeprisen blir nokre øre høgare.

Tysdag kveld lyste bondebål over heile landet opp i ettermiddagsskyminga. Bøndene tente bål med varsel om fare. Det er den norske landbruksmodellen som er i fare. Ein modell som inneber at vi skal ha landbruk over heile landet. Det kan bli problematisk å halde fast ved dersom regjeringa vinn fram med ein politikk som er skissert i jordbruksmeldinga. Der ser ein konturane av eit landbruk i sterk endring med sentralisering og fattigare bygder.

Det har vore umuleg å ikkje legge merke til at det har skjedd ei klar dreining i landbrukspolitikken etter vel tre år med landbruksminister frå Framstegspartiet. Det er blitt færre og større bruk i enda større fart enn før. Mange er misnøgde, men det er heller ikkje vanskeleg å finne bønder som satsar millionar på nye fjøs for slik å skaffe seg sin eigen arbeidsplass. I fredagens avis har Driva besøkt Steinar Røv i Surnadal. Han satsar over sju millionar kroner i nytt fjøs, og gjev uttrykk for at det ikkje er noko som tilseier at dagens landbrukspolitikk er dårleg. Det er flott at det finst unge folk med pågangsmot i landbruket. Eg håper verken Røv eller andre som har satsa stort, blir skuffa. Men vi treng også dei små og mellomstore bruka!

Ein av dei viktigaste stabbesteinane i den norske landbruksmodellen er mottaksplikta for kjøtt og mjølk. Den blir det veldig viktig å slå ring rundt framover. Det kan bli ein kamp landbruket må førebu seg på å ta. Ei anna utfordring som jordbruksoppgjeret kan gjere lite med, er klimaendingane. Mildare vêr med kraftigare regnbyer kan bli utfordrande å takle.

Tilbake til innleiinga; eg håper vi unngår ei framtid der matvarekjedene sjøl etablerer meieri og der dei berre tek i mot mjølk frå der det er lønnsamt å hente den.

God helg!