Med tre lag klare for årets eliteserie er Møre og Romsdal i ei særstilling som fotballfylke. Det er ganske så spesielt at både Molde, Ålesund og Kristiansund stiller lag i den øvste serien. Det er ikkje nokon sport som synest og engasjerer meir enn fotballen. Det skal bli ekstra interessant å følgje eliteserien i år. Som romsdaling må eg medgje at eg er MFK-patriot, men patriotismen er ikkje større enn at eg skal takle det bra om dei blåkvite går på ein smell mot KBK i årets serie. Det har litt med David mot Goliat å gjere

Det har vore sparka fotball i organiserte former i Norge sidan 1880-talet. Eg sjekka på nettet. Der kom det fram at det ved utgangen av 2012 var 1909 registrerte fotballklubbar her i landet. Laga engasjerte over 470.000 registrerte fotballspelarar.

Det mange ikkje har fått med seg er at skytesporten truleg er mellom dei fremste i landet når det gjeld registrerte medlemmar. Dei godt over 800 skyttarlaga aktiviserer svært mange, heilt frå 10-årsalderen til langt opp i alderdommen.

På Tjelle, der eg vaks opp, var skyttarlaget det einaste organiserte tilbodet. Nesten kvar søndag frå mai til september var det lagsskytingar på Tjellekleiva. Det var stas. I tillegg til at vi fekk prøve dei gamle ombygde Kragh-geværa, kunne vi ungane tene nokre kroner på anvising.

Også innan skytesporten har utviklinga vore enorm dei siste tiåra. Kragh-Jørgensen er bytta ut med Sauer for mange år sidan. Heimevernskleda som mange brukte, er bytta ut med moderne skytebunad. Den kanskje største utviklinga har vore innan anvising med elektroniske skiver.

Det gler meg å sjå resultatlistene etter dei mange skytestemnene som blir arrangert rundt om i regionen. Ekstra gledeleg er der å sjå at dei unge skyttarane markerer seg så sterkt.

Nordmør skyttarsamlag er i fremste rekke når det gjeld rekruttering. Det er berre å sjå på resultata i Surnadal skyttarlag og Sunndal skyttarlag. Imponerande! Der har dei klart å få fram eit miljø som dei unge tydeleg trivst i.Romsdal skyttarsamlag slit meir med rekruttering og breidde enn på Nordmøre, men også der kjem dei unge etter. Eit døme på det er eidsvågjenta Ronja Hammervold i eldre rekrutt som skaut fullt hus under forrige helgs samlagsstemne.

Det flotte med skytesporten er at det er noko du kan ha som trufast hobby frå barndom til alderdom. Sjå på veteranane på Nordmøre som år etter år imponerer med sterke resultat. Skyting er utvilsamt ein flott sport.

God helg!

Mvh Sigmund