Bernt Bøe i Bøfjorden meiner det er bra Surnadal kommune tek opp ei namnesak for å avgjere kva fjellet Saksen eller Blåfjellet eigentleg heiter slik at det rette namnet blir gjeldande i offentlege register. Bernt Bøe er av den klåre meining at Blåfjellet heiter Blåfjellet, og at alt anna er historielaust.

Les innlegget hans om terrengnamna her:

Dei er skapte av lokalfolket og har alltid vore landemerke til dagleg nytte og sosial identitet. Difor brukar vi dei korrekt og med respekt.

Blåfjellet mellom ytre Bøfjorden og Halsa er av somme, endatil på kart, feilaktig kalla for «Saksa». Det er gledeleg at  Surnadal kommune no har annonsert namnesak, slik at vi kan sikre rett bruk av namna «Blåfjellet» og «Saksen».  Vi kan ikkje leva med forfalsking av geografiske namn.

Namnefeil og konsekvensar

Eg er uroa over at offisielle kart (t.d. rutetilvising 6389; M711; kartblad Halsa 1421 III) kallar  Blåfjellet for «Saksa»: Områdenamnet SAKSEN (ved fjorden) er da forflytta opp på BLÅFJELLET. At det dertil er omgjort til hokjønnsform («Saksa»), gjer ikkje feilen mindre. Her handlar det både om rett namn på fjellet OG om rett kartplasseringa av området Saksen.

Rute- og turistbrosjyrer, skilting og annan «informasjon» som (truleg på bakgrunn av nemnte kartfeil) spreier namnet «Saksa» om Blåfjellet, gjer seg skuldig i aukande feilbruk. Særleg skade gjer dette blant tilreisande utan lokal kunnskap. Og blir det ikkje no korrigert, kan også komande generasjonar blant lokalfolket bli narra til å tru at Blåfjellet «heiter» Saksa. – «For det står jo på kartet!» vil dei seie.

Lokal kompetanse: «Blåfjellet»

Bøfjordingar og halsabyggjer har alltid sagt Blåfjellet.  Namnet Saksen (dialekt «Saksin», hankjønn) gjeld området nede ved sjøen vest for Blåfjellet. Dette omfattar både småbruket Saksen (tidlegare husmannsplass under Innreiten) og stranda / berget / neset vidare sørover.

I tillegg til personleg kunnskap om lokale stadnamn, nedarva gjennom generasjonar, har kulturhistorisk kompetente folk i Bøfjorden og Halsa fleire gonger sjekka kva namn innbyggjarane generelt brukar. Både blant eldre tradisjonskyndige og yngre er svaret heilt eintydig: Det heiter Blåfjellet!

Sett frå Torjulvågen gjeld same namnet: - Først når snøflekken nedafor toppen av Blåfjellet har bråna på tidlegsommaren, får ungane i Tylvågjen lov til å bada! (Bekrefta av ei rekkje torjulvågingar.)

Bøfjorden Historielag og eit lokalutvalg i Halsa har jobba med saka og fått bekrefta  namnet «Blåfjellet» hos pålitande personar i sine bygder. Frå ytre del av Halsa har det tidvis vore kalla «Vullumsfjellet», men da sett frå Halsa-sida. Namnet på turløpet «Saksa opp» botnar truleg i feilinformasjon. Idrettslaga i Halsa og Bøfjorden har i fleire tiår samarbeidd om «Blåfjelløpet» langs austsida av fjellet.

I Settemsdalen seier dei gjerne Ytre Blåfjellet, fordi eit fjellparti nord for dalen også heiter «Blåfjellet».

Amtskart og tysk namneendring

Vi kjenner ikkje grunnane til at kartverket opererer med feil namn. Ei muleg forklaring kan ligge i eit gammelt amtskart (www.norgeskart.no). Dette har «forskyva» «Saksen» til toppen av det eigentlege Blåfjellet, medan «Blaafj(eldet)» like eins har hamna aust for Dragsetdalen – på fjellet som bøfjordingar kallar «Skreå». Kartet har også andre feil og er såleis upåliteleg. Men det brukar namnet «Saksnæs» ved sjøen vest for Blåfjellet.

Det er sagt at tyskerane under krigen bruka namnet Saksa (truleg i forma Sachse) om Blåfjellet på sine kart. Sia denne feilen var gjort av framande okkupantar, er det underleg om Kartverket har bygd vidare på det. Lokalfolket sitt namn var det ikkje.

Eg kan føye til at tyskerane i 1940 konfiskerte fiskebåten DS «Bøfjord» til ammunisjonsskip (som forresten eksploderte hausten 1944). Dei omdøypte båten til «Sachse».  Om dei kanskje tykte dette gav meir schwung enn rette namna på båten og fjellet, gir det uansett ikkje grunn til å fortsette med feilen.

Når somme hevdar at fjellet må omdøypast fordi det finst fleire «Blåfjell», kan dei neppe meine alvor! Namnet er jo naturleg mange stader; fjell på avstand får blå farge på grunn av lysbrytinga i lufta. Over 50.000 nordmenn heiter «Jan», og haugevis av dei har same etternamn, men kan vi ta oss til rette og kalle vedkomande «Sofus» eller «Adrian» av den grunn?

Saksen er området ved sjøen

Å kalle Blåfjellet for «Saksa», er både ein grov geografisk-historisk feil og dessutan språkleg ukorrekt.

I 1773 reiste vitskapsmannen Gerhard Schøning forbi Saksen. Han skriv om dette i  storverket «Reise gjennem en Deel af Norge»: «Sønden for Halse ligger den Gaard Indre-Reitan. Her stikker Land-Strækningen temmelig ud mod S.V., indtil det Biærg og Næs Saxen, og da det samme skeer ligesaa paa hin Siide Fiorden (.....), saa falder ved bemeldte Saxen altiid stærkere Blæst, end paa andre Steder (....) Gjennemfarten forbi bemeldte Saxen er derover ofte farlig og vanskelig ...» Her er det altså udiskutabelt at Saksen er området (berget, neset) nede ved fjorden!

I reiseskildringa «Udflugter i Nordmøre» (av ukjend forfattar, utgjeven på  Henrich Loennechens forlag i Kristiansund 1892) blir både Blåfjellet og Saksen omtala:

«I Syd for Halsegaardene strækker sig den flade Vullumstrand langs Fjorden indover til Blaafjeldet, med dets fremspringende Næs «Saksen», som Dampskibet passerer paa Veien til Torjulvaag...».  Igjen: «Blaafjeldet» er fjellet, «Saksen» er neset ved sjøen!

Språk og kjønn

På plassen/bruket Saksen, nokre hundre meter nord for neset, budde den vidkjende båtbyggjaren Ole Reiten. Til dagleg var han kalla «Ola Sakså» - slik det var vanleg,  her med hankjønns dativform av plassnamnet.

Namnet er  altså hankjønn (Saksen, «Saksin», dativ «Sakså») og ikkje hokjønn  - «Saksa». (Det ville på dialekt ha vorte uttala «Såksa».) Kvifor denne kjønnsforvirringa?

Lokal tradisjon antydar at ein holmgangsduell som er omtala i «Soga om Gisle Sursson», kan ha skjedd her ved Saksen. Soga kallar plassen der det skjedde, for ”eyna (=øya) Sǫxu”. Dette er nedskrive langt unna (på Island) og lenge (bortimot 300 år) etterpå. Skrivaren har rimelegvis tenkt at holmgangsstaden var ei øy (hokjønn) og har difor bruka hokjønnsforma «Sǫxu». Kan dette ha påverka Kartverket til å omgjera (det allereie feilplasserte) «Saksen» (jf amtskartet) til  det enda meir feilaktige «Saksa»?

Namnet Saksen i praktisk bruk

Fyrlykta i det aktuelle strandområdet er av Fyrvesenet/Kystverket kalla «Saksnes». Rett nok står ho ikkje på sjølve Saksneset, men på Hjelpingsneset eit lite stykke lenger sør; dette av praktiske grunnar, fordi lykta er betre synleg derifrå. Området kallast også somtid kort og godt «Løkta».

Sjøfarande folk seier likevel Saksen (uttala «Saksin»); det gjeld både lykta og plassen. – «Styr på Saksin!» og «Ro mot Sakså!» kommanderte dei. Skipskyrkjegarden for kondemnerte båtar på Nordmøre er midtfjords «bortafor Sakså».

Det er altså ingen tvil om at all hevdvunnen, tradisjonell bruk av namnet Saksen berre gjeld området nede ved fjorden vestafor (og langt unna) Blåfjellet.

Konklusjon

Saka gjeld både namnet på Blåfjellet og kartplasseringa av Saksen. Eg håpar det no blir teke ei rett avgjerd på bakgrunn av faglege og historiske argument. Alle må gjera sitt til at terrengnamn blir rett plassert og rett bruka i framtida!

Bernt G. Bøe