Det er imponerande mykje positivt som skjer både innan næring og kultur i dekningskommunane til Driva. Hydro Sunndal er den store industrielle motoren. Aluminiums-eventyret ser ut til å vedvare i mange tiår framover. Det blir stadig større etterspurnad etter det grøne metallet. I går vart det kjent at konsernet skal investere nye 240 millionar kroner på Sunndalsøra. Fabrikksjef Eivind Mikalsen seier investeringane er eit viktig steg i å gjere aluminiumsverket mellom dei mest produktive i verda. Det er spennande med ambisiøse industrileiarar!

I Surnadal er det og mykje å gle seg over. Pipelife, Talgø og mange litt mindre bedrifter klarar seg godt. Mange er flinke til å utvikle og fornye seg. Det finst gode eksempel også frå dei andre kommunane i distriktet vårt.

Sist fredag var eg til stades på næringskonferansen i Molde som gjekk i regi av faglaga og fylkesmannen i Møre og Romsdal. Det var ei imponerande oppleving. Rundt 180 deltakarar fekk eit innblikk i mulegheiter og utfordringar for landbruksnæringa. Ei næring som trass i at det blir stadig færre bønder, framleis er sterk og framsynt. I papira vi fekk delt ut på konferansen var det med eit faktaark med opplysningar om landbruket i Møre og Romsdal. Der kjem det fram at det er 3153 årsverk knytt direkte til landbruket her i fylket. Matproduksjon og råvarer frå jordbruket har ei salsomsetning på nær 2,1 milliardar kroner i året. Imponerande!

Landbruksnæringa er med på å sikre levande bygder. På konferansen var det fleire som peika på at landbruksmeldinga som regjeringa har lagt fram, ikkje legg til rette for det. Kursen frå regjeringa er klar; dei ønskjer større bruk og legg til rette for det gjennom landbrukspolitikken som blir ført.

Her i avisa har vi det siste året hatt fleire reportasjar om bønder som har satsa mange millionar kroner på nye og kostbare fjøs. Dei fortener ros for satsinga. Det er likevel veldig viktig med eit mangfald så vel i jordbruket som i industrien.

På tampen av næringskonferansen var det lagt opp til ein debatt der dei fleste politiske partia som stiller til val i haust, sat i panelet. Det var godt å høyre at politikarane i stor grad var einige i at det ikkje er mogleg å skilje landbrukspolitikk frå distriktspolitikk. Det er to sider av same sak.

Det ligg an til at nettopp distriktspolitikk blir eit viktig tema i valkampen. Dei siste meiningsmålingane syner at folk er opptekne av dette.

God helg!