Mykje namnestoff i Driva 8. mars. Grendalaget i Bøverdalen vil ha Bøverdalsvegen stava med æ, og får støtte i leiaren i same avis. Den einsidige framstillinga i begge oppsetta krev kommentar og korreksjon.

Eg satt som sekretær i Stadnamntenesta (tidlegare Namnekonsulenttenesta) for Midt-Norge frå 1991 til 2003, og som ein av to konsulentar i same tenesta frå 2013, etter at Ola Stemshaug gjekk bort. Frå siste årsskifte har eg sagt frå meg dette vervet, og kan derfor uttala meg meir fritt. Eg har altså ingen ting med eventuell vidare behandling av desse sakene å gjera.

Det er mykje som ikkje har forandra seg i namnesaker sidan vi heldt på med dette på 1990-talet. Mediedekninga har dessverre heller ikkje vorte meir balansert. Det er leitt å sjå at ein ikkje ser kulturverdiane i dei  genuine, nedervde namneformene som Bøverdalen, Kvenna og Fiskja. Eg er såpass kjent på Nordmøre at eg veit kva den tradisjonelle uttalen er, så det er ingen vits i å by meg alternative fakta på det punktet. Så kan ein alltids påstå at dei unge no (heldigvis) uttalar namna annleis, og i tråd med ”skrifttradisjonen”. Språket utviklar seg, må vita. Korleis ein kan forlike slike synsmåtar med ønske om å ta vare på dialekten, er vanskeleg å forstå for meg .

Men om ein vil uttala seg med eit visst truverde og ha von om å nå fram i namnesaker, må ein i alle fall lære leksa når det gjeld saksgang. Språkrådet vedtek ikkje eit einaste namn, stikk imot framstillinga både i nyheitsoppslaget og leiaren. Stadnamntenesta, som sorterer under Språkrådet, tilrår skrivemåte på eit fagleg grunnlag ut frå hovudregelen om å ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen og følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp.  Eit namn som Bøverdalen er det Kartverket som har vedtaksrett for. Kommunen vedtek adressenamn/vegnamn, men om ein som førsteledd vil bruke eit namn som alt er vedtatt av Kartverket, må ein bruke denne forma. Om ikkje, risikerer ein klage, t.d. nettopp frå Kartverket, som gjerne vil ha konsekvens i den offentlege namnebruken, og dermed vil ein måtte gå nye rundar. Bøverdalen er vedteken skrivemåte, etter det eg kan sjå, så da må ein i tilfelle prøve å ta opp att den saka og legge fram gode grunnar for det. Og da er adressaten Kartverket, som vedtaksorgan. Forma Kvanne vart heller ikkje vedteke av ”Språkrådet”, men av ei uavhengig klagenemnd, mot det faglege rådet frå namnekonsulentane. Vedtaket i nemnda var heller ikkje einstemmig. Dette berre som litt hjelp med faktasjekk.

Så langt eg kjenner til, har det omfattande adresseeringsprosjektet i kommunane dei siste åra i det store og heile gått greitt. Men det er somme som har sett sitt snitt til å få i gang omkampar om for lengst vedtekne namn. Tids- og ressursbruken i slikt fortener å bli diskutert. Og det finst tilfelle der folk med den beste lokale kompetansen enten ikkje har vorte spurt om å bidra, eller har vorte pressa ut, dels på ein ufin måte. La meg presisere at dette ikkje gjeld den kommunen vi her talar om. Media har i alle fall ikkje vist særleg interesse for slike sider av problematikken.

Trondheim 9.3.2017

Tor Erik Jenstad