Den amerikanske norsk-professoren Einar Haugen (1906-94)  – med slektsrøter frå Oppdal – gjer i boka si «Riksspråk og folkemål» frå 1966 godt greie for ho. Ikkje er Haugen del av den norske språkstriden heller, så han kan sjå meir nøkternt på reforma. Samtidig var han livet gjennom som språkmann opptatt av det verdfulle i variasjonsrikdommen i norsk språk og det positive generelt ved to-språklegheit.

Språkreforma i 1917 omfatta både landsmål og riksmål. (Omgrepa vart i 1929 endra til nynorsk og bokmål). Det hadde vore uttrykt uro i mange krinsar over språkleg splitting i den unge, norske staten, m.a. frå Fridtjof  Nansen. Komiteen vart  samansett av framståande skole- og språkfolk, og formulerte sjølv målet for arbeidet sitt slik:  «Den størst mulige tilnærmelse mellom vort lands to skriftsprog gjennom en sund, naturlig og lovmæssig utvikling av dem begge.»  Komiteen var samd om at riksmålet måtte «nationaliseres og demokratiseres» ved å ta inn former frå bymåla, medan landsmålet måtte «moderniseres efter flertallet av bygdemålene» (dvs. ta omsyn til dialektar som Ivar Aasen hadde neglisjert.

1917-reforma var den første som hadde som formål å innføre ortofone (dvs. lydrette) prinsipp i begge målformer. Stumme bokstavar vart fjerna (t.d. breid >brei), og det kom mange endringar i vokalbruken (t.d. ko>ku), og diftingering av norske ord (t.d. hø>høy, rein, hauk). Men her vart det oppretthalde mange unntak, t.d. både løv og lauv (i rm) og både skule og skole (i lm.) Og i rm vart det no hokjønnsformer: «Det viktigste er at hunkjønnsformen blir anerkjendt, så vil den selv med livets magt arbeide sig frem.» Valfrie former var ein viktig strategi, og det var stor tru i nemnda på at dei radikale formene ville vinne fram, slik at nye skritt mot fullstendig samling kunne bli tatt. Samtidig vart valfridomen noko innskrenka ved at det vart laga ein «læreboknormal» for skolane.

Det var Venstre som fekk hovudansvar for gjennomføringa av reforma, og Venstres partiprogram slo fast at partiet skulle arbeide for eit «samnorsk» språk. Men hausten 1918 vart det val og Høire-fleirtal. Blant dei nye Høirerepresentantane var redaktøren av Morgenbladet, Carl Joachim Hambro, - som ifølgje Haugen – «begynte sin lange karriere som parlamentariker med et systematisk og godt planlagt angrep på den nye rm-ortografien.» Eit spørsmål til statsråden førte med seg ein 3 dagars stortingsdebatt, og stor og hissige debatt i pressa. Utover våren 1919 heldt debatten fram mot "den løvlandske voldtægt» (etter statsråd Jørgen Løvland) - og Knut Hamsun skreiv 3 artiklar i Aftenposten som vart til pamfletten  «Sproget i fare».

Men fornorskingsprosessen heldt fram, mot dialektnær rettskriving både for nynorsk- og bokmålsbrukarar.  Fram mot  1944  auka folkeskoleopplæringa på nynorsk til  ca 34 % av alle born. I 1917 fekk heile 189 kommunar nye namn (jf  Akerø > Aukra,  Hitteren > Hitra) og fylka fekk nye namn i 1918 (t.d. Søndre Bergenshus til Hordaland, Bratsberg >Telemark). Og fram til namnestriden i 1930 kom det nye bynamn, som t.d. Kristiania > Oslo, og Fredrikshald >Halden. Men med striden om å gjere om Trondhjem til Nidaros i 1929-30, vart det ein bråstopp i namneendringane. Og krigsåra og debatten på 1950-talet gjorde at utviklinga mot eitt felles nasjonalt skriftspråk – «på norsk folkemåls grunn» - stoppa heilt opp.

Og dei kreftene som mesteparten av tida har vore skeptiske til både dei nasjonale og dei demokratiske holdningane bak språkreformene vi har hatt utover 1900-talet, prøver i dag å reversere delar av reformene. Det kan skje m.a. gjennom svekka mållov, valfritt «sidemål» og privatisert språknormering – ved å overlate språkpolitikken til «utviklinga», dvs. sentralisering, urbanisering og kommersialisering. Helst vil dei ikkje sjå at det er eit stort pluss både for opplæring og kommunikasjon at skriftspråket ligg nært opp til talespråket, og at nynorsk og bokmål ikkje er to ulike språk, men del av eit uvanleg variasjonsrikt og mangslungent nasjonalspråk. Og i ei stadig meir globalisert verd er det vel viktig å arbeide for styrking av morsmålskunnskapane og norsk kultur og identitet ?

Eivind Hasle

6650 Surnadal