Uorganisk farleg avfall, det blir det etter oss, nokon plass må ein gjere av det. Men vi bør redusere avfallsmengda mest mogleg, ikkje kaste ressursar som kan takast ut, og risikoen kring lagringa må vere minst mogleg.

Risikoen er samansett, val av lagringslokalitet påverkar følgjande:

Kor trygg er den endelege lagerløysinga?

Kor trygg er handsaminga frå dette er avfall i flyt til det ligg lagra for all framtid?

Kor trygg er transporten?

Det ser ut til å vere to hovudstrategiar når det gjeld lagertype. Då er det anten tale om å finne eit kalkområde der mesteparten av kalken alt er utnytta, eller det er tale om å finne hardt grunnfjell utan sprekkar. Kalken er grei på den måten at dei vanlege kjemiske prosessane i dette avfallet vil reagere med kalken slik at eventuelle sprekkar i stor grad gror igjen. Er det sprekkar i det harde fjellet, vil det lettare kunne gi lekkasje. Skulle det vere sulfid i dette harde fjellet, får ein svært uheldige kjemiske reaksjonar i tillegg.

Brevikalternativet er i kalk, Raudsand er i hardt fjell. Viss det er nokon grunnleggande forskjell i tryggleiken mellom kalkfjell og hardt fjell, er det på tide at fagfolk seier noko om det.

Det vil vere merkeleg om Raudsand er den einaste staden i Noreg som har brukande hardt fjell. Grunnfjellet frå Iddefjorden i Østfold til Rogaland er sannsynlegvis like eigna mange stader som det ein finn på Raudsand.

Det er tale om store mengder med avfall. Når det kjem til lagerplassen, er ikkje materialet stabilt. Det må stabiliserast før det kan lagrast for godt. Stabiliseringsprosessane har ein viss risiko for at det blir gjort feil. Når det oppstår ei sky av gass over mottaksstaden, kor fort blir denne fortynna tilstrekkeleg, og kvar blir det av skya før fortynninga er tilstrekkeleg? Då tel både landskap og busetnad i vurderinga. At ei slik sky av gass legg seg over Brevik er innlysande ikkje bra. Men det er kan hende ikkje noko betre om ei slik sky driv innover eller utover Sunndalsfjorden heller.

Transporten frå der avfallet oppstår til der det blir lagra gir ein risiko, og storleiken på denne risikoen blir påverka av avstanden og kva farvatn dette gjeld. Ein svært stor del av dette avfallet skriv seg frå Austlandet og utlandet. Jo lenger nord for Jæren lokaliteten ligg, jo større samla transportbehov blir det. Det er mogleg transporten blir dobla eller meir om anlegget ligg i Møre og Romsdal, samanlikna med Oslofjordområdet. Strekninga frå Jæren til Nordmøre representerer nok større risiko for uhell enn det ein har i Oslofjorden. Det er sannsynleg at risiko knytt til transport skil dei aktuelle lokaliseringane vel så mykje som dei andre momenta.

Korleis tenkjer Mørebenken når dei seier no at lagringsanlegget bør plasserast på Raudsand?  Viss ingen av dei to aktuelle lokaliseringa er bra nok, skal vi ikkje velje nokon av desse stadene. Grunnfjellsalternativ på Austlandet må vurderast, og ein må redusere avfallsmengda.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal