Dordi Skuggevik kjem enda ein gong med at E 39 skulle gått gjennom Surnadal og Rindal, og at ny veg og fjordkryssing skulle vore lagt over Tingvoll-Aksneset og Trongfjorden.

Kryssing av Halsafjorden og Todalsfjorden kunne da vore sløyfa, pengar ville vore spart og verda ville vorte betre.

Val av stamveg mellom Ålesund/Molde/Kristiansund og Trondheim var basert på omfattande utgreiingar på detaljert nivå for to alternativ; det som vart E39  og alternativet Betna-Skei-Orkanger. Denne stamvegutgreinga var ferdig i 1995. Utspelet frå Skuggevik m.fl. om å leggje E39 via Tingvoll, Aksneset, bru over Halsafjorden/Stangvikfjorden til Flesa, tunnel under Nordmarka og vidare frå Skei etter dagens fv 65, har vore vurdert, og konklusjonen var sjølvsagt at dette ikkje var noko god løysing. Mellom anna av omsyn til trafikken mellom Sunndal og Skei.

For dei fleste av oss synest det opplagt at det er feil bruk av krefter å ta opp att flytting av stamvegen no. Det er lagt ned mykje pengar i utbetring av E 39, og snart er ny veg frå Betna til Stormyra også bygd. RV 70 blir utbetra, og arbeidet med Todalsfjordprosjektet er i god gjenge. Det er både viktigare og enklare å prøve å skaffe naudsynte midlar til dei vegane vi no har, enn å drive omkamp og filosofere over tapte slag.

Lenda frå Land, den sta hesten i Aasmund Olavsson Vinje sitt dikt, kan vel passe like bra på fru Skuggevik som på leiaren i samferdselsutvalet i denne saka:

«Han gjenge seg fast og han aldri kan snu

og motgang hans tankar ei mognar.

Han skifter ei mening som folk skulde tru

han brester men aldri han bognar.»

Kristin Sørheim

Red anm: Dordi Skuggevik brukte i leserinnlegget navnet "Lenda frå Land" om lederen i samferdselsutvalget. Dette ble redigert bort av Driva før publisering.