Dette har ført til at det har utvikla seg ein praksis der råd for eldre, råd for funksjonshemma og råd for likestilling har blitt slått saman til eitt råd.

Årsmøtet i Pensjonistforbundet (PF) i Møre og Romsdal meiner denne praksisen med fellesråd må opphøyre snarast mogleg og grunngjev dette med følgjande: Røynsler syner at arbeidet i dei råd som har som mandat å ta vare på interessene både for dei eldre og dei funksjonshemma, er problematisk. Med dei store skilnader det er mellom dei eldre og dei funksjonshemma sine behov for tilrettelegging og oppfølging, vil det vere stor fare for at den eine eller andre gruppa kjem for dårleg ut. Slik PF i Møre og Romsdal ser det, er dette ei vurdering som også lovgjevar må ha lagt til grunn i og med at det er utarbeidd ulike lovverk tilpassa kvart av områda. Underskrivne seier seg fullt ut samd med det årsmøtet i PF her i fylket har kome fram til. Gjennom mine 9 år som medlem av fylkesstyret i PF, 10 år som leiar av Surnadal Pensjonistlag, 10 år som leiar av Surnadal eldreråd og 8 år som nestleiar i fylkeseldrerådet har eg hatt eit visst høve til å følgje med i utviklinga på dette feltet.

Surnadal Pensjonistlag sine to utsendingar til årsmøtet i PF på fylkesplan støtta den uttalen som her er omtala. Leiaren pensjonistlaget, Kristian Ranes, fortel at laget vil ta opp dette spørsmålet på eit av sine første møter etter påskehelga.

Surnadal eldreråd har dei siste 10 åra sett opp ei prioritert liste over saker som eldrerådet vil arbeide med i løpet av året. I eldrerådsmøte 27. februar i år har rådet ved samrøystes vedtak sett opp ei liste på 8 prioriterte tiltak. Tiltak nr. 1 på lista lyd slik: «Eldrerådet må ikkje samanslåast med andre utval/nemnder.» Dette er klår tale frå Surnadal eldreråd si side. Det er også verdt å nemne at varaordførar Helge Røv i Surnadal er medlem av eldrerådet.

For ein god del år tilbake kom sentrale styresmakter med eit forslag om at det ikkje lenger skulle vere lovpålagd å ha kommunale eldreråd. Kommunane skulle sjølve ta stilling til korleis dei ville organisere seg på dette feltet. Forslaget fekk stor motbør frå pensjonistane sine organisasjonar, og vart etter kvart skrinlagt. Dette viser kor viktig det er å kjempe for at eldreråda skal bestå i si noverande form.

Som nemnd innleiingsvis opnar gjeldande lovverk for at kommunane kan danne fellesråd. I og med at det syner seg at praksis med fellesråd ikkje gir dei beste resultat, må lovgjevar snarast mogleg, endre lovteksten på dette området slik årsmøtet i PF har gått inn for. Lovteksten må utformast slik at høvet til å danne fellesråd fell bort. Vidare bør kommunane merke seg kva tillitsvalde for dei eldre sine organisasjonar og råd meiner om dette.

Johs. J. Vaag