Av tolv potensielle lokalitetar for eit slikt deponi, sat Porsgrunn plutseleg att med svarteper etter at Miljødirektoratet hadde gjeve si tilråding.

Men så hende det, at Nesset kommunestyre i vedtak viste velvilje til slik verksemd hos seg. I Porsgrunn og dei andre kommunane må dei nok ha lurt noko skrekkeleg – for kven vil vel frivillig ha noko slikt i sin kommune?

Jau, det vil Nesset kommunestyre. Men ordførar Hurlen likar ikkje at folk lokalt har engasjert seg mot deponiet. Han køyrer klassisk hersketeknikk og skuldar aksjonistane for synsing, og ber folk vente på faktagrunnlag før dei gjer seg opp ei meining. Det same faktagrunnlaget treng visst ikkje Hurlen sjølv å vente på, for han har fått info frå initiativtakar og investor Storvik, og da er jo alt såre vel.

Ein skulle kanskje tru at Nesset hadde lært av Aluscan-fadesen. I 2004 fall norgeshistorias første fengselsdom for miljøkriminalitet da Høgsterett dømde to bedriftsleiarar til ubetinga fengsel etter store utslepp på Raudsand. Bedrifta hadde lenge fått peikefinger på peikefinger frå forureiningsmyndigheitene, men utsleppa vart ikkje stoppa. Økokrim meinte den gongen at utsleppa også hadde vore meir omfattande enn grunnlaget for dommen tilsa.

I argumentasjon for deponi høyrer ein stemmer som meiner at ein må stole på myndigheitene. Men faktum er at Staten, som eig delar av det tidlegare skandaledeponiet, ikkje har rydda opp etter seg. I gruvene ligg tonnevis av ukjend avfall, sausa saman til ein kjemikaliecocktail av ei anna verd. Frå massane som ligg lagra under open himmel siv vassløyselege saltar. Dette har leidd til at fjorden ved Raudsand blir klassifisert som «i dårleg økologisk tilstand». Før ein slepp til andre sjarlatanar med kommersielle interesser, må Staten kjenne sitt ansvar her.

Men tilbake til kommunestyret i Nesset. I det representative demokratiet er politikarane sette til å forvalte ressursane våre på vegne av allmennheita. Dei pliktar å stille kritiske spørsmål og å tileigne seg best mogeleg kunnskapsgrunnlag før dei fattar ei avgjer. Men med den trua Nesset kommunestyre har på kapitalsugne investorar med hang til skatteflukt, så er det nærliggande å tru at dei heller vil ha gode føresetnader for å kunne utkonkurrere finnane i kampen om kor Nisseland bør ligge.

I dei reviderte fjellvettreglane heiter det framleis «Vend i tide – det er inga skam å snu». Ein får berre håpe at kommunestyret i Nesset er sitt mandat verdig og snur, slik kollegaane deira i Kvinesdal gjorde da dei fekk tenkt seg om ein gong til. For dersom dei ikkje gjer det, vil dei for all ettertid bli hugsa for det dei gjorde mot sine samtidige og sine etterkomarar. Det er jo også eit ettermæle å ha.

Ragnhild Aspås