Dei siste par åra er det mange som har bruka mykje tid på reformane som noverande regjering har fronta. Sett frå regjeringskontora må det vere liten grunn til å vere nøgd med det som ser ut til å bli resultatet i kommunereforma. Svært få av landets kommunar har gått med på å slå seg saman. Dei aller fleste ønskjer å fortsette som eigen kommune. Ei tid var det nærast opplese og vedtatt at det var umogleg. I alle fall om kommunen har under 5000 innbyggarar. No er det kommunar med langt færre innbyggarar som vel å stå åleine, og som også framover kan tilby gode tenester til innbyggarane sine. Når ein i dag ser korleis kommunereforma kjem til å lande, er eg lite i tvil om at fleire av dei kommunane som etter mykje om og men landa på ei samanslåing, ville ha bestemt seg for noko anna om dei fekk ei ny mulegheit i dag.

Driva har sidan 2012 invitert til årlege debattar under Vårsøghelga. Vi har treft godt med tidlegare tema. Det har til tider vore naudsynt å setje inn ekstra stolar i Svorkasalen. Det var tilfellet i fjor da kroppspress og skjønheitstyrraniet sto på agendaen.

Med utgangspunkt i den pågåande regiondebatten på Nordmøre er det naturleg at dette blir temaet under årets debatt. Det har vore køyrd hardt frå fleire nordmørskommunar som ønskjer å få utgreidd fordelar og ulemper med å bli ein del av Trøndelag. Etter at ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund – i alle fall for ei tid framover – har tona ned trøndersuget, kan det sjå ut som om verken lysta eller evnen til å bryte ut, er like stor som tidlegare.

Både regjeringa og eit overveldande fleirtal i fylkestinget ønsker at Møre og Romsdal skal bestå som eigen region. Det må også trøndervendte nordmørskommunar ta konsekvensen av. I Drivadebatten ønskjer vi få høyre korleis politikarar og næringsliv ser på framtida. Fylkesordførar Jon Aasen er klar på kva han meiner. Det er også halsaordførar Ola Rognskog som meiner det er riktig for hans kommune å sjå mot Hemne og delar av Snillfjord. Også Rindal er fast bestemt på å bli trønderar. Dersom fleire nordmørskommunar følgjer etter, kan Nordmøre framleis kalle seg Nordmøre da?

Fylkesvaraordførar Gunn Iversen Stokke i Sør-Trøndelag skal vere med i panlet. Det skal også Kjell Larsen som er sjef for Pipelife i Surnadal. Kor viktig er det for næringslivet å bli ein del av Trøndelag? Eller sagt på ein annan måte: Kor viktig er det at fylkesgrensa ikkje går ved Kvammen?

Vi har også fått ei ung surnadalsstemme med i panelet.

Skal bli interessant dette!

Ha ei riktig god helg.

Sigmund Tjelle, redaktør.