I dagens avis har vi tatt eit sveip innom fem bygder i lesarkretsen til Driva. I ei tid der folkevandringane går frå distrikta til meir tettbygde strøk, er det viktig å minne om kor viktig det er med livskraftige bygder. Det er der dugnadsånda har dei beste vilkåra, og det er der engasjementet for sitt eige bumiljø er størst. Vi har berre vore innom litt av det som foregår ute i bygdene. Det er så mykje meir som kunne ha vore trekt fram.

Fram til langt ut på 70-talet var det liv laga for både nærbutikken, skulen og postkontoret i dei fleste bygdene. Postkontora og småskulane er så godt som utraderte. Det er veldig viktig at dei nærbutikkane som framleis lever, får gjere det. Ein forutsetnad er at vi brukar dei. Nærbutikken forsvinn om vi ikkje passar på å handle lokalt. For mange vil det nærmast vere katastrofalt å miste nærbutikken sin. Vi ser det i Vistdal, i Bøfjord og i dei andre grendene vi har besøkt. Nærbutikken er ikkje berre viktig for å kunne handle matvarer. Den er også ein viktig sosial møteplass som det ikkje er mange igjen av rundt om i bygdene.

Litt tilbake til Anton som fyller 82 år i august. Han kom syklande på el-sykkelen sin i Vistdal sist fredag.

– El-sykkel er fine greier. eg brukar den når eg har småærend som ein tur på butikken.

Vistdalingen er godt nøgd med livet på bygda. I sitt yrkesaktive liv har han jobba ein del for Statkraft, men har først og fremst vore gardbrukar.

– Som pensjonist gjer eg forefallande arbeid heime på garden. Har også tre islandshestar som eg steller. Har sett opp eit nytt seterhus som eg skulle ha sett til. Det handlar om å ha god helse. Har skifta hjarteklaff, men greier meg bra. Det er mange som har det langt tøffare enn eg.

– Utviklinga med stadig færre folk rundt om i bygdene bekymrar han.

– Eg hadde gjerne sett at det budde folk i alle husa og at det rauta frå alle fjøs. Men det er vel ei tid som aldri kjem tilbake.

Sigmund Tjelle, redaktør