For nokre veker sidan delte eg eit bilde på Facebook med tittelen "Bruk i dag den butikken vil ha i morgen". Eg prøver å leve opp til mottoet, for det er vi forbrukarane og vi lokalbefolkninga sitt ansvar at vi har butikkar tilgjengeleg der vi bur.

Ganske mange av oss har vakse opp med haldninga at vi skal bruke nærbutikken. På 70- - 80-talet hadde vi ikkje så mange alternativ, så sjølvsagt gjorde vi det. I mange bygder hadde dei fleire nærbutikkar, men etter kvart som dørene stenger, kjem spørsmålet: Kor nært meg skal butikken vere for at det er ein nærbutikk? Stadig oftare opplever vi at butikkar vi meiner bør vere i lokalsamfunnet vårt stenger dørene, og dermed blir det lengre veg til det næraste tilbodet.

Hittil i år har fire butikkar stengt dørene i Amfi Sunndal. Det er eit ganske trist syn når ein går inne i senteret, og ein må berre håpe senterleiaren har rett i at det vil komme nye butikkar om ikkje lenge. Eg trur dei aller fleste ønsker at det skal vere lys i butikkvindauga, men kanskje er ikkje folk seg bevisste at det er deira ansvar at det er slik?

For alle dagar er sjølvsagt ikkje som 16. mai og 23. desember. Då kan alle sjå at det går pengar inn i kassa i butikkane. Men kva med dei andre dagane?

"I dag er det ein kjempebra dag, men klart vi fryktar framtida vår," sa ein av butikkdrivarane til meg då eg var og handla der 16. mai. I likheit med ganske mange andre, var det noko eg kom på i siste liten at eg mangla til nasjonaldagen. For meg var ikkje dette noko stor sak, for eg ville ha handla på den butikken uansett. Ganske mange andre ville gått dit for å prøve det dei skulle ha, for så å gå heim og bestille det på nett. Eller kanskje kjøpe det til ein lågare pris ein annan stad seinare.

At så mange butikkar har stengt i senteret dei siste månadane, kallar eg ein kollektiv kollaps. Kvar enkelt i lokalsamfunnet har svikta. Sjølv eg som veit eg brukar lokalbutikkane, har svikta. For viss min bodskap om å bruke lokalbutikken ikkje når fram til andre, har eg svikta. Viss kvar enkelt sunndaling ikkje greier å vidareformidle til sin omgangskrets at vi må bruke lokalbutikkane - handle i senteret - så er det for ein kollektiv kollaps å rekne. Her har vi alle eit ansvar.

Til dokker som måtte legge inn årene og stenge dørene i senteret vil eg seie: Dokker fortener stor honnør for å ha prøvd - det stod ikkje på dykkar vilje. De har smilt og tatt imot kvar enkelt kunde som kom på ein god måte.

Dette handlar ikkje berre om kor mange butikkar vil vil ha i Amfi: Det handlar og om kva lokalsamfunn vi ønsker oss. Bruk i dag den butikken du vil ha i morgon. Bygg i dag det lokalsamfunnet du vil ha i morgon.

Ingunn Karijord