Ordførar Ståle Refstie (Ap) har oppmoda regjeringa om å gjere om på vedtaket, diverre utan å nå fram. Dette vedtaket er det grunn til å kritisere.

Sunndal asylsøkarmottak er kommunalt drive, svært kostnadseffektivt, har høg fleksibilitet og god kompetanse. For meg er det uforståeleg at dette ikkje skal vere verdt å take vare på.

Om denne sektoren har Stortinget sagt at det skal vere ein god balanse mellom kommunale, ideelle og private aktørar, og særleg dei kommunale skal styrkjast. Kompetanse i integreringa og geografisk spreiing er òg mellom momenta ein skal ta omsyn til.

Etter mitt syn treffer asylmottaket i Sunndal godt på alle desse momenta. Sunndal kommune er kjend for stor kompetanse på integreringsarbeid og det å ta vare på og inkludere menneske i ein sårbar situasjon. Integreringsarbeidet i kommunen har jamvel blitt særskilt omtalt i regjeringa si integreringsmelding.

Sjølv om tala for asylankomstar er låge akkurat no, er det svært kortsiktig å legge ned i så stor skala som det no blir gjort kringom i landet. Vi risikerer med dette å stå utan tilstrekkeleg kompetanse på eit viktig felt der utfordringane kjem til å stå i kø framover.

Asylmottaket i Florø sto òg i fare for å verte lagt ned. Der greip regjeringa inn og gjorde om på vedtaket om nedlegging, av di ein meinte det var spesiell kompetanse der som var viktig å halde på. Snuoperasjonen i Florø har vist at regjeringa kan viss ho vil. Eg ser ikkje at statsråden har gitt ei god forklaring på kvifor mottaket i Sunndal ikkje er i den same posisjonen når det gjeld kompetanse.

Mange har stilt spørsmål ved regjeringa, og særleg FrP,  sin vilje til å prioritere integreringstiltak. No har regjeringa moglegheita til å vise at ho er like oppteken av å integrere og take vare på dei som faktisk kjem til landet, som av å redusere talet på kor mange som kjem hit.

Fredric Holen Bjørdal

Stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet