21.september kom meldinga om at Sunndal asylmottak skal stengast. Nesten femti arbeidstakarar vil direkte eller indirekte bli ramma – på mottaket, i vaksenopplæringa, grunnskulen og helsetenesta. Lokalsamfunnet vil bli ramma på mange nivå.

Sunndal KrF og Tingvoll KrF står saman om at vedtaket om nedlegging av Sunndal asylmottak må omgjerast og at Tingvoll asylmottak må sikrast vidare drift. Dette argumenterer vi for ut frå følgande:

Sunndal asylmottak har vore i drift mesta samanhengande i snart tretti år. På desse åra har mottaket opparbeidd seg kompetanse av uvurderleg betydning. Resultata av integrering av asylsøkarar og flyktningar i Sunndal har vist seg å vere svært god. Det som har blitt kalla «Sunndalsmodellen», kor dei som er på introduksjonsprogrammet får tilbod om å gjennomføre grunnskulen og moglegvis og vidaregåande skule gjennom introduksjonsprogrammet. Dette er ein modell som og blir brukt i Tingvoll kommune, og har mykje å seie for både asylsøkarar og flyktningar.

Sunndal KrF og Tingvoll KrF meiner at begge asylmottaka må sjåast i samanheng. Fordi dei ligg berre nokre mil frå kvarandre og har mange års erfaring med integreringsarbeid i lokalsamfunnet, må dei dra vekslar på kvarandre i mykje større grad og utveksle erfaringar. Begge mottaka driv på ein solid måte, har kompetente menneske som arbeider, og både barn og vaksne blir integrerte i lokalsamfunnet.

Det er viktig at asylmottak som ligg i distriktet og som generer fleire arbeidsplassar i distrikta blir tatt vare på. Sunndal KrF og Tingvoll KrF er svært skeptiske til å ha ein distriktspolitikk som legg opp til å fortrengje kompetansen og dei statlege arbeidsplassane frå distrikta til fordel for dei større byane. Å sikre statlege arbeidsplassar i bygde-Noreg er med å sikre auka kompetanse, langsiktig busetting og god økonomi til kommunane.

Begge mottaka har stor tillit i lokalsamfunna fordi det generelt er lite kriminalitet knytt til bebuarane. Samarbeidet med politiet i Sunndal og Tingvoll er av stor betyding for begge mottaka, og for begge lensmannskontora har asylmottaka betydd verdifull tilføring av arbeidskraft og ressursar.

Det er og eit argument for ikkje å leggje ned Tingvoll asylmottak at det har vorte brukt midlar på å renovere bygga, slik at asylsøkarane har fått einerom. Sunndal asylmottak har på si side eit mottak som har praktiske rom for ulike kategoriar familiar, men ei bygningsmasse som treng renovering. Vi meiner at det vil vere meir lønsamt å sikre vidare drift av asylmottaket i Sunndal ved å bruke pengar på vedlikehald av mottaket i staden for å leggje det ned.

Vår klare oppmoding til Utlendingedirektoratet og integreringsminister Sylvi Listhaug er å la drifta ved Sunndal asylmottak fortsette også i 2018.

For Sunndal Kristeleg Folkeparti

Ingunn Karijord

(lokallagsleiar)

Arne Drøpping

(kommunestyrerepresentant)

For Tingvoll Kristeleg Folkeparti

Arne Magnus Aasen

(lokallagsleiar)

Gunnar Waagen

(gruppeleiar i k-styret)