Norge har slutta seg til WHO sine mål om å redusere alkoholforbruket med 10 % innan år 2025. Om vi i Norge skal nå dette målet, treng vi ein meir modig og framtidsretta alkoholpolitikk enn det som har vore synt dei siste åra.

Då Solberg-regjeringa vart danna for 4 år sidan, vart det inngått ein samarbeidsavtale som sa at hovudlinjene i norsk alkoholpolitikk skulle ligge fast. Likevel har regjeringa gjennomført eller foreslått mellom anna: auke i taxfri-kvote, gardsalg av alkoholvarer, utvida opningstid på Vinmonopolet. Det har vore ei liberalisering av alkoholpolitikken. Talet på skjenkeløyve har og auka dei siste åra.

I tillegg til at alkohol ver skjenkt på kafear, restaurantar, i pubar, barar og på hotell, er drikkevarer på vei inn på stadig nye arenaer. I fleire kommunar er det åpna for skjenking på idrettsarenaer, og stadig vert det meir bruk av alkohol ved kulturelle arrangement.

Alkohol i stadig nye samanhengar, bidreg til auka aksept, nye drikkevanar og auka totalforbruk av alkohol. Det fører erfaringsmessig alltid til større alkoholproblem i samfunnet. Meir alkoholbruk fører til meir skade. Derfor meiner IOGT at dette er ei utvikling i feil retning. Lokalpolitikarane må vere tilbakehaldne med å sleppe alkohol inn på nye arenaer - særlig der barn og unge er til stades.

Nordmenn drikk meir enn før. På 10 år har alkoholforbruket auka med 40 %. Alkoholkonsumet er eit stort samfunnsproblem i landet vårt.

Ca. 50 % av eindagsfråver i arbeidslivet er rusrelatert, og rundt 15 % av langtidsfråveret.

Ca. 50 % av ambulansetenesta sitt arbeid i helgene er knytt til alkoholbruk.

Nær 20 % av alle innleggingar på sjukehus har samanheng med rusmiddelbruk, hovudsakeleg alkohol.

Rundt 60 % av dei som blir drepne i trafikken er ruspåvirka.

Det er klar samanheng mellom alkohol og vold.

Mellom 100 000 og 150 000 barn i Norge veks opp i heimar prega av omsorgssvikt på grunn av rus og alkoholmisbruk.

Det er store økonomiske kostnader ved nordmenn sin alkoholbruk. Desse er rekna til 22 milliardar kroner. Då er kostnader for  helse- og sosialvesenet, for arbeidslivet, tap i form av ulykker samt kriminalitet inkludert. Dei faktiske kostnadene knytt til alkoholbruk er altså betydelege. Men alle følgjer kan dessutan ikkje målast i kroner. Folk opplever smerte, liding, sorg og tap av livskvalitet, noko som ikkje er teke med i denne kostnadrekneskapen. Det rammar ikkje berre den som drikk, men og familie, vener og kollegaer.

IOGT Region Midt-Norge        Leiar Per-Arne Lillebø       Sekretær John Almendingen