Vi lever i ei tid der dei fleste er fullt bevisst på kva for konsekvensar klimaendringane har. Likevel ønsker nokre av dei største partia i Noreg å trappe opp oljeproduksjonen, ein industri med stor verknad på miljøet. Dette kan vi ikkje la skje.

I valkampen har det vore store diskusjonar om vi skal opne opp for ei konsekvensutreiing, angåande oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Både Høgre, FrP, og Arbeidarpartiet seier alle at dei er villige å opne opp for ei konsekvensutreiing i desse sårbare områda. Konsekvensutreiinga vil, i følgje § 3-1 i petroleumslova, ha eit klart formål om å opne nye område med sikte på tildeling av utvinningstillatelser. Med andre ord, så seier desse partia ja til boring, i områda kalla «LoVeSe».

Men, konsekvensane av å bore i desse områda er store, og opptrapping av oljeproduksjon vil ha store verknadar på miljøet. I følgje Norsk Polarinstitutt så utviklar klimakrisa seg raskare enn spådd tidlegare, og skal vi nå klimaendringane vi må nå, så er vi nøydd til å leggje om i dag. Dette veit vi i Sosialistisk Ungdom, og det er derfor vi seier klart og tydeleg nei til oljeboring i LoVeSe. Vi meiner at profittjaget ikkje lenger skal få lov til å gå ut over kloden vår. I staden, så burde vi arbeide med å fase ut produksjonen av olje i Noreg.

Mange som les dette, vil nok riste på hovudet, og meine at det er galskap å leggje ned oljeproduksjonen. Noko eg stadig høyrer, er at vi treng oljenæringa for å skape nye arbeidsplassar. Men, dette er faktisk ikkje sant. Fleire rapportar stadfestar at vi kunn vil få 1100 nye arbeidsplassar innanfor oljenæringa. Ved første augekast, så kan det sjå ut som ganske mange, men sanninga er at i eit større perspektiv så er det veldig få. Desse arbeidsplassane er rekna for heile området frå øvst i nord, til Namsos. Sett man opp desse arbeidsplassane mot talet på arbeidsplassane innanfor primærnæringane i Lofoten aleine, er det heller ikkje så stort og spektakulært andre vil ha det til å vere.

For, i dag arbeider det rundt 6500 innanfor turisme og fiske i Lofoten, og det er forventa eit stort auke. Dette er alle arbeidsplassar som kan forsvinne over natta dersom det skulle oppstå ei oljelekkasje i området. For seismikk og oljesøl, går ikkje saman med fiske og turisme. Dessutan vil det ta lang til, og krevje ei enorm mengde ressursar å rydde opp dersom det skulle oppstå ein større lekkasje. Resultatet vil være at fleire tusenar av arbeidsplassar vil gå tapt.

Ein annan ting vi veit, bortsett frå at oljeindustri har ei stor verknad på miljøet, er at oljenæringa riktig nok har bidratt til den store økonomiske veksten i Noreg. Mange oljeforkjemparar vir derfor påstå at vi treng oljepengane, for å finansiere det grøne skiftet.

Å byggje ut, og forsterke grøn næring og industri er riktig nok ikkje billig. Men, samtidig veit vi at olja vil gjere meir skade enn nytte, sjølv om det gir pengar i det korte løp. Vi må heller prioritere å leggje om subsidiane, og heller bruke dei på den berekraftige industrien. Vårt ønske om ei utfasing vil tillegg gi oss tid til å omstille oss på ein god måte, som igjen sikrar oss rom til å nytte midlane og ressursane på grøne næringar. Når tida kor vi treng eit ekstremt skifte kjem, vil vi dermed vere godt rusta for utfordringane, dersom vi byrjar med nedskjeringane allereie no.

Olja vil ikkje vare evig. Om nokre få tiår så vil ikkje olja lenger være profitabel, og det vil føre til at vi nordmenn må finne noko nytt vi kan livnære oss frå. Samtidig, veit vi at klimakrisa aukar kraftig, på grunn av oss menneske. Svaret, vil derfor være å investere i grøn industri, for å ta vare på koden vår, og dei framtidige generasjonane våre.

Då vi i Sosialistisk ungdom aksjonerte for varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, aksjonerte vi ikkje mot nye arbeidsplassar, og økonomisk vekst. Vi aksjonerte fordi vi veit at med tanke på konsekvensane av klimaendringane, så kan vi ikkje lenger livnære oss av ikkje-fornybare, fossil industri. Saman må vi satse på berekraftige næringar, for det er den brekraftigheita som vil redde oss, ikkje olja.

Vern Lofoten, Vesterålen, og Senja. No, og for alltid!

Mali Regine Børset

Styremedlem i Sunndal SU