Mange grundige og gode innlegg har vore å lesa i avisene om mellombels nedlegging av 8 sjukeheimsplassar i Surnadal. Budsjett kan vera vanskelege å få i hop talmessig, men det ligg som oftast ei verdivurdering under forslaga og vedtaka. Verdi og pris er ikkje alltid det same.

Jakob Strand var leiar for fylkespensjonistforeninga til han gikk av for snart eit år sidan. Eg møtte han berre tri gonger, men eg fekk stor respekt for han. Han tala enkelt, men med varme og tyngde. Det som låg han sterkast på hjarte var «dei svakaste av dei svake», for å bruka orda hans.  Etter kvart som eg har vore med i pensjonistsamband forstår eg meir kva han meiner. Vi yngre pensjonistar, med bra helse og sosial omgang, som går på fjellturar og reiser til utlandet, vi har ikkje så lett for å skjøna at sjukdom og plager og einsemd kan/vil treffa oss.

«Den siste biten må ein av oss gå åleine». Slik tenkjer nok mange sambuande i det stille. Det er berre slik det er, men ikkje så lett å ta innover seg. Da er det godt at det offentlege – kommunen – har eit tilbud om tryggleik og omsorg når den tid kjem. Ikkje alle treng det – eller vil ha det. Men dei som verkeleg treng det, må vera sikra eit rom der dei kan få naudsynt omsorg.

I desse juletider er det freistande å seia at om det ikkje var rom i herberget i Betlehem, så skal det vera rom for dei som treng det på sjukeheimen på Skei.

God jul!

Kristian Ranes